Skal levere i fjerde kvartal 2022
Mot slutten av neste år skal Statt Torsk slakte sin første 3000 tonn oppdrettstorsk.
I sommar strauk 48.000 torsk med i eit av oppdrettsanlegga til Statt Torsk, men uhellet har ikkje forseinka framdriftsplanane til selskapet ifølgje kvartalsrapporten for andre kvartal 2021.
Selskapet har konkludert med at dødsfalla skuldast at fisken vart skremt av eit stor rovdyr, og melder at fisken som er att i anlegget veks og utviklar seg bra.
I fjerde kvartal 2022 skal dei første 3000 tonn slaktast frå selskapet sitt anlegg ved Refvika.
Kapitalutviding
Før selskapet blei tatt opp til notering på marknadsplassen Euronext Growth på Oslo Børs 21. april henta selskapet inn 115 millionar kroner i ny eigenkapital.
Kapitalutvidinga verdsette Statt Torsk til omlag 415 millionar kroner. Etter ein kort periode med stor kursauke har kursen falle i rykk og napp, og selskapet er før børsopning verdsett til 413 millionar kroner.
Skal blir større
Målet er å kome opp i seks konsesjonar og slakte 12.000 tonn oppdrettstorsk årleg i løpet av 2025, sa dagleg leiar og medeigar Gustave Brun-Lie til NETT NO tidlegare i april. Han eig ni prosent av aksjane gjennom selskapet Medvode.
Målet er å ha konsesjonane og oppdrettsanlegga i samla i Vanylvsfjord/Rovdefjord-området nord for Stad og slakte og bearbeide torsken hos fiskeforedlingsanlegget til Per Stave as på Stadlandet, i tillegg til slakting hos Henden Fiskeindustri på Averøya.
Statt Torsk As | ||
2. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 1,6 | 0,1 |
Driftsresultat | -3,2 | -0,7 |
Resultat før skatt | -3,2 | -1,1 |
Publisert: 20.08.2021 08:44
Sist oppdatert: 23.08.2021 09:41