Fv Erna Solberg Jorgen Clausen Gunnar Haagensen Leo Grunfeld Menon Gath 2024 Foto Ogne
NOKON MANGLAR: Oppdrettsbransjen har mager vekst. Dei som har sett bremsene på var ikkje til stades under Gath-konferansen i Ålesund denne veka. Biletet er frå ein samtale på scena. Frå venstre Høgreleiar Erna Solberg, Jørgen Clausen frå industrikonsernet Danfoss, styreleiar Gunnar Haagensen frå bransjeorganisasjonen SjømatNorge og forskningsleiar Leo Gründfeød frå Menon Economics. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Satsar på det vi ikkje kan

Full gass for batterifabrikk, brems for oppdrett.

08.09.2024
ANALYSE

Mandag denne veka offentlegjorde næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) at regjeringa løyver fem milliardar kroner til ei låne/støtteordning for såkalla grøne industriprosjekt. Det omfattar mellom anna batterifabrikkar.

Same dag sa direktøren for batteriprodusenten Morrow Batteries til E24 at søknaden om å få eit lån på 1,5 milliardar kroner allereie er sendt.

– Vi er veldig glade for at ordninga treff oss, sa direktøren til avisa.

At dette er ei ordning med høg risiko for at skattebetalarane sine pengar går tapt vises ved at regjeringa allereie i pressemeldinga skriv at det er sett av 1,75 milliardar kroner i tapsavsetningar.

Regjeringa sin vilje til å støtte oppbygging av ein norsk batterindustri står i kontrast til det som var eitt av temaa under oppdrettsbransje-konferansen Gath denne veka: Kva som må til for å få ny vekst?

Målet med dei fem milliardane regjeringa vil bruke er ikkje berre å bidra til det grøne skiftet, men også å bidra til auka verdiskaping. Er det då batterifabrikkar som gir mest uttelling?

Møre og Romsdal er eitt av fylka der oppdrettsbransjen gir mange arbeidsplassar, direkte og hos teneste- og utstyrsleverandørar. 5570 sysselsette i alt, ifølgje ein rapport frå Menon Economics. Det er 180 færre enn for to år sidan.

Forklaringa er manglande vekst.

Hovudårsaka til den manglande veksten er restriksjonar på oppdrettsnæringa for å begrense miljøproblem som følgjer med, først og fremst oppblomstring av lakselus og rømming av oppdrettsfisk, samt utsleppa av spillfôr og avføring frå fisken. Langs deler av kysten blir oppdrettarane til og med pålagde å redusere produksjonen.

Så lenge veksten er minimal vil rasjonalisering av drifta gradvis krympe behovet for arbeidskraft hos oppdrettselskapa og mangel på vekst dempar og investeringane i utstyr og anlegg.

Svaret er ikke å oppheve restriksjonane og la det vere fritt fram. Miljøproblema er reelle og er også eit trugsmål mot næringa sjølv. Den peikar mellom anna på lukka anlegg i sjø, og oppdrett på land som alternativ for å skape ny vekst utan å auke miiljøproblema.

Regjeringa gjorde seg kraftig upopulær i oppdrettsbransjen med å innføre ein ekstraskatt på lakse- og regnbogeoppdrett i sjø, som varsla hausten 2022. At etableringa av oppdrett til havs, på land og for lukka anlegg til sjøs også er sett på vent - i påvente av nye regelverk - har ikkje akkurat styrka populariteten. Regjeringa kom med alt på ein gang.

Kontrasten mellom velviljen regjeringa viser mellom andre Morrow Batteries ASA og oppdrettsbransjen er nesten påfallande.

Oppdrettsbransjen, som vi kan, får bremsene på. Batteribransjen, som vil ikkje kan og der USA lokkar med store støtteordningar, skal løftast fram.

At Ap/Sp-regjeringa ville ta ein fot i bakken og gjere sine eigne vurderingar om regelverk, tiltak og konsekvensar knytt til landbasert oppdrett og lukka oppdrettsanlegg i sjø er forståleg. Men å kombinere det med innføring av grunnrenteskatt på oppdrett var dårleg timing. Når det først vart gjort slik, burde regjeringa i det minste gitt seg sjølv ein kort frist til å finne ut korleis den meiner reglane for landbasert og lukka oppdrett i sjø skal vere.

«En skal skumme fløte av oppdrettsnæringen – ikke utvikle den», skreiv redaktør Aslak Berge i nettavisa Ilaks i ein kommentar i sommar. Det er truleg eit rett oppsummering av korleis akstørane i oppdrettsbransjen ser på situasjonen.

Litt synd då at Gath-konferansen ikkje hadde nokon frå regjeringspartia med i debatten under konferansen.

Publisert: 08.09.2024 05:00

Sist oppdatert: 12.09.2024 08:27

Mer om