Utlysinga av lakseoppdrettskonsesjonar spesielt retta mot oppdrettselskap som vil satse på ny teknologi har lokka fram fleire alternative idear til måtar å drive lakseoppdrett på.
Selskapet Nordlaks i Nord-Noreg vil bygge tre skipsforma anlegg, kvart større enn verdas største skip,
Kvart anlegg vil koste mellom 600 og 700 millionar kroner.
Inge Berg trur mykje av byggeoppdraga vil hamne i Noreg.
– Får vi lov å bygge tre-fire slike konstruksjonar, vil det være eit løft for heile regionen, for skips- og verftsindustri og i neste omgang for brønnbåtar, landanlegg og andre bransjar, seier han til Bladet Vesterålen.
Selskapet Nordlaks i Nord-Noreg vil bygge tre skipsforma anlegg, kvart større enn verdas største skip,
430 meter langt
På teiknebrettet hos Nordlaks-sjef Inge Berg ligg eit 430 meter langt og 54 meter breidt skipsliknade anlegg som skal ligge på svai, forankra i botnen med teknologiske løysingar frå offshoreindustrien, skriv avisa.Kvart anlegg vil koste mellom 600 og 700 millionar kroner.
Til havs
Anlegget skip seg frå vanleg skip på eitt vesentleg punkt. Det har hol i botnen. "Skipssidene" stikk 10 meter ned i sjøen med oppdrettsnøtene som går 60 meter djupt inni. Konstruksjonen skal gi tilstrekkleg vern for laksen til at anlegget skal kunne plasserast til havs, der problem med sjukdomsmitte, avfall og lakselus er mindre enn inne i fjordane.Inge Berg trur mykje av byggeoppdraga vil hamne i Noreg.
– Får vi lov å bygge tre-fire slike konstruksjonar, vil det være eit løft for heile regionen, for skips- og verftsindustri og i neste omgang for brønnbåtar, landanlegg og andre bransjar, seier han til Bladet Vesterålen.
Publisert: 25.11.2015 16:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50