Vil hente inn opptil 80 millionar
Ably Medical med første ordre og i hektisk møteverksemd med investorar.
Ably Medical er i desse dagar i full gong med å møte investorar som er nysgjerrige etter å vere med på den vidare reisa til helseteknologiselskapet med base i Ålesund.
Målet er å hente inn 5 til 7 millionar euro – om lag 60 til 80 millionar norske kroner.
– No skal vi over i ei fase der vi skalerer opp og kommersialiserer produktet. Truleg vil det vere meir interessant å vere med på for mange investorar, enn utviklingsløpet vi har hatt til no, fortel styreleiar Peder Stette fortel til NETT NO.
Samarbeid med italiensk produsent
Selskapet blei starta i 2016 og i utgangspunktet var ideen å utvikle ei smart sjukehusseng med innebygd sensorsystem.
Undervegs har selskapet innleia samarbeid med italienske Malvestio, som er ein anerkjent produsent av sjukehusmøblar.
Den første bestillinga på 2000 enheter tikka nyleg inn i ordreboka, og markerer at Ably Medical er i gong med sitt kommersielle løp. Samarbeidsproduktet kjem for kommersielt sal i løpet av året.
Den nye kapitalen som blir henta inn, skal nyttast til vidare utvikling, sals- og marknadsarbeid og den regulatoriske prosessen, i tillegg til service og ettermarknad.
– Tidkrevjande prosessar
Stette legg ikkje skjul på at ting har teke lengre tid enn venta, men påpeiker at det er slik ein må vere budd på i utvikling av medisinske produkt.
– Det er gjerne tidkrevjande prosessar ein må gjennom, som fordrar både tolmod og at ein er uthaldande, seier han.
NETT NO omtala i sommar korleis ny regulering av medisinsk utstyr har gjort at ting tar lengre tid for heile bransjen.
Sensormatte overvåker pasienten
I løpet av første halvår 2024 blir den første versjonen av det avanserte målesystemet kalla «Lyng One» lansert for marknaden på alvor.
Det er ei sensormatte som mellom anna kan overvake hjarterytme, respirasjon og mobilitet hos pasienten. Vidare ser selskapet føre seg ei opptrapping i 2024 og 2025, etter som dei oppnår høgare medisinske klassifiseringar.
Fleire bruksområder
Med aukande mangel på helsearbeidarar, kan sensorteknologien vere eit verktøy for å hjelpe til med å overvake pasientar på sjukehus. Men sensorteknologien kan også nyttast til både institusjonar, heimesjukepleie – og på sikt til heimebruk.
– Verdiforslaget vårt er å øke både pasientsikkerheit og effektivitet i helsevesenet - og spesielt på sjukehus der mangel på sjukepleiarar begynner å bli kritisk, påpeiker Peder Stette.
Skal tene pengar frå 2026
Målet til Ably Medical er å få fotfeste i sjukehusmarknaden i Norge, Tyskland, Italia og Danmark innan 2026. Deretter står resten av Europa og Canada for tur.
Selskapet ser føre seg at dei skal ha ein positiv kontantstraum - og at dei skal starte å tene pengar - frå 2026. To år etterpå er målet ei omsetning på over 600 millionar kroner gjennom sal og abonnement frå brukarar.
Ably Medical er også i full gong med eit større forskingsprosjekt som mellom anna går føre seg i Ålesund. Selskapet fekk tidlegare i år tilskott frå Innovasjon Norge for å utvikle det som NETT NO omtala som framtidas pasientrom.
Publisert: 19.10.2023 05:00
Sist oppdatert: 19.10.2023 00:15