Helge gjerde innovasjon norge 22
ål
Nytt

Møre og Romsdal norgesmeistrar i eksport

Innovasjon Norge-sjefen i fylket gler seg over eksportoppgang – men skulle gjerne sett fleire framoverlente teknologiselskap.

Marius Rosbach
24.07.2023

Møre og Romsdal var på topp over landets fylker når det kjem til eksport per sysselsett i fjor. Berre Vestland kan måle seg med nivået i Møre og Romsdal (sjå figur under).

– Møre og Romsdal er til eksempel dobbelt så eksportintensive som Oslo, påpeiker regiondirektør Helge Gjerde for Innovasjon Norge i Møre og Romsdal til NETT NO.

Tala kjem fram i Menon Economics sin årlege eksportmelding som inneheld ein fylkesvis oversikt over eksporten – utan olje- og gassindustrien (sjå grafikk under).

Grafikk eksport per sysselsett menon 2022
MENON-RAPPORT: Grafikken viser eksport per sysselsett i fjor, ifølgje Menon Economics årlege eksportrapport (tall i tusen kroner)

Størst maritim eksport fra fastlandet
Rapporten viser at eksporten nådde sitt høgaste nivå nokon gong, og at maritim næring var landets største eksportbransje på fastlandet.

Tre av Norge sine fem største eksportfylker er lokalisert på Vestlandet, og desse står for 40 prosent av den samla eksporten.

I reine tal er det Vestland som er storebror av fylka når det kjem til eksport her til lands. Fylket eksporterte i fjor for 215 milliardar kroner. Oslo på 2. plass eksporterte for 176 milliardar og Viken på 3. plass for 125 milliardar kroner.

Den samla eksporten frå Møre og Romsdal i fjor var på 91 milliardar kroner – kring 20 milliardar meir enn året før.

Les heile rapporten her (ekstern lenke)

Gjerde påpeiker likevel at både regionen og Norge har utfordringar å jobbe med.

– Eksporten frå nasjonane vi samanliknar oss med, veks meir enn oss. Norge veks primært grunna auka pris på råvarer, sjømat, olje og gass. Vi har litt av den same situasjonen her i regionen, at pris og valutakurs driv opp omsetninga i sjømat og kraftkrevjande industri – som Hydro Sunndal til eksempel, som er største eksportøren her i fylket, seier Gjerde.

Viktig å bygge nye næringar
Innovasjon Norge-direktøren meiner det er viktig å satse vidare på dei tradisjonelle næringane. Samtidig peiker han på kor viktig det er å bygge fleire næringar for å ha fleire bein å stå på.

– Teknologi generelt er eitt område der Møre og Romsdal ikkje er så veldig sterke, om ein samanliknar oss med ein del andre regionar. Det er eit område vi gjerne skulle fått til meir business på her i regionen, seier han.

Innovasjon Norge jobbar likevel allereie med fleire spennande selskap i fylket som helseteknologiselskapet Ably Medical og bioteknologiselskapet Arctic Bioscience som er i gong med eit lengre løp for å utvikle legemiddel basert på silderogn.

Stort potensiale for vekst og lønnsemd
I begge selskapa har Innovasjon Norge vore med frå starten av – og Gjerde meiner det er viktig å bygge fleire slike tech-bedrifter. Han trekk også fram «agri-tech» - altså nyvinning knytt til landbruket, saman med bioteknologi som områder med spennande moglegheiter her i fylket.

– Det er eit stort vekstpotensiale for desse tech-selskapa, og samtidig er det stort potensiale for god lønnsemd for dei som lukkast, legg han til.

Også innan møbel og reiseliv - saman med fleire selskap som jobbar med nye energiberere - finst det fleire spennande moglegheiter for auke eksport frå regionen, påpeiker Gjerde.

Helge Gjerde foto marius 11
STORT POTENSIALE: Innovasjon Norge-direktøren i Møre og Romsdal meiner fylke har ein rekke moglegheiter til å vekse vidare på eksport. Foto: Marius Rosbach

Medvind for sjømat og maritim industri
Dei tradisjonelle eksportbransjane på Nordvestlandet - sjømat og maritim industri - har begge medvind om dagen – sjølv om eksportvolumet går ned på sjømat.

– Det er definitivt framleis eit stort vekstpotensiale innan sjømat. Samtidig er det positive vibbar i dei maritime næringane, som vi mellom anna opplevde på Nor-Shipping-messa. Der skjer det mykje som ein del av våre bedrifter allereie bygger business på, seier han.

Ålesund sentral maritim rolle
Som følgje av at regjeringa bestemte at grøn maritim industri skulle vere blant satsingsområda for eksport, har Ålesund-kontoret fått ei sentral rolle. No ventar dei på det formelle oppdraget frå regjeringa om korleis satsinga skal utformast.

– Vi har allereie styrka kapasiteten og kompetansen på eksport ved kontora våre i Møre og Romsdal, og håper at regjeringa sin eksportsatsing skal gi oss mogelegheiter til ytterlegare styrking framover, avsluttar Gjerde.

Publisert: 24.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 24.07.2023 17:03

Mer om