Terje Aasland skjermfoto stortinget no 11
STORTINGET: Terje Aasland (Ap) ville ikkje utelukke at bølgjekraft kan spele ei rolle i energimiksen i framtida, men vil ikkje løyve pengar til nye satsingar på området. Skjermfoto: Stortinget.no
Nytt

Vil ikkje prioritere meir til bølgjekraft

Venstre-politikar Alfred Bjørlo meiner bølgjekraft står foran eit gjennombrot. Regjeringa er ikkje overtydd.

Marius Rosbach
20.10.2022

Alfred Bjørlo (V) stilte torsdag spørsmål til olje- og energiministeren kva regjeringa vil gjere for at Noreg skal bli ein leiande nasjon i utviklinga av bølgekraft.

Svaret frå olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) var kort oppsummert: Fint lite.

Det vil seie: Ap-statsråden meiner at regjeringa allereie har dei verkemidla på plass som dei ønsker å ha, og er lunken til å prioritere meir ressursar til bølgjekraft – i staden for til eksempel havvind.

Liten interesse frå industrien
Bakgrunnen svaret frå olje- og energiministeren er at regjeringa meiner potensialet for å få meir energi frå bølgjekraft dei komande åra, er for liten.

- Interessen frå industrien er også ganske liten, la Aasland til då han svarte på spørsmålet frå Bjørlo.

I fjorårets energimelding viste regjeringa til at styresmaktene gjennom fire tiår har støtte utvikling av bølgjekraft, utan spesielt gode resultat. Aasland meinte difor at det var smartare å satse på vasskraft, havvind, karbonfangst og -lagring og hydrogen som vegar til ei vellukka grønt skifte.

(saka held fram under)

Waves4 Power skal hente 30 millioner kroner
RUNDE-FORSØK: Selskapet Waves4power testa for nokre år sidan bølgjekraftanlegg ved Runde, uten at det førte fram til produksjon av bøyene. Foto: Waves4power

Bjørlo trur på gjennombrot
Det meiner Bjørlo er for passivt. Han påpeika at det er fleire grep som trengst for å kome i mål med det grøne skiftet, og at bølgjekraft er eitt av desse.

- Bølgjekraft står no ovanfor det gjennombrotet som har vore etterlyst. Det skjer både på grunn av teknologi, men også fordi bølgjekraft no har fått ein definert plass i den europeiske energistrategien.

Trakk fram lokalt selskap som eksempel
Når EU setter mål for produksjon, meiner Bjørlo at norske styresmakter også bør melde seg på i konkurransen. Han understreka at bølgjekraft ikkje har dei same industrielle kreftene i ryggen som til eksempel vindkraft.

Samtidig viste han til at det er norske selskap – som Havkraft frå Deknepollen – som er heilt i front i den teknologiske utviklinga. Selskapet er i desse dagar i gong med ei kapitalutviding. Planen er å levere det første anlegget til Svanøy Havbruk ved Florø neste år.

Publisert: 20.10.2022 12:42

Sist oppdatert: 20.10.2022 13:15

Mer om