Vil spleise pengar og idear
TILTAK: Næringsminister Monika Mæland med Innovasjon Noreg-sjef Anita Krohn Traaseth (t.v) og finansminister Siv Jensen i samband med lansering av Regjeringa sin plan for større gründerskap. 
Nytt

Vil spleise pengar og idéar

Næringsminister Monica Mæland vil ha fleire plassar der investorar og folk med gode idéar kan møtast. Lanserer gründerplan.

12.10.2015
- Eg trur vi treng fleire slike miljø i heile landet, seier Mæland til NETT NO etter lanseringa av Regjeringa sin gründerplan i dag. Å skape møteplassar, gjennom investorkonferansar, næringshagar og innovasjonsselskap, er eitt av tiltaka Mæland vil bruke for å auke gründerviljen.
Mellom tiltaka i planen er lansering av det Mæland kallar "pre-såkornfond", fond som skal invester i små, nyskipa og nyskapande bedrifter. Idéen er at staten, gjennom fonda, skyt inn 50 prosent og private resten.

Nedoverbakke

Dei siste ti åra har det gått nedoverbakke med viljen til å satse på etablere eigne bedrifter. Berre 0,8 prosent av befolkninga starta eiga bedrift i 2014, og det er botnrekord.
Gode tider og ein brennheit arbeidsmarknad er mykje av årsaka, trur Mæland.
- Det har vore lett å skaffe seg fast jobb og sikker inntekt, seier ho.

Utviklinga snudd

Så langt i år ser det ut til at utviklinga har snudd. Innovasjon Noreg har betalt ut meir til nyetablering og innovasjonsprosjekt i først halvår enn i heile 2014, i følgje Innovasjon Noreg-sjef Anita Krohn Traaseth.
- Entreprenørskapsaktiviteten er "all time high", seier Krohn Traaseth.
Det er ei utvikling Regjeringa vil ha meir av var bodskapen frå finansminister Siv Jensen og næringsminister Monica Mæland då dei presenterte Regjeringa sin Gründerplan under Oslo Innovation Week i dag.

Ikkje vekstmotor

Oljebransjen er ikkje lenger same vekstmotor som før, og det er ein viktig bakgrunn for lanseringa av Gründerplanen.
- Fallet i oljeprisen er ei påminning om at Noreg skal gjennom ei omstilling, sa Jensen då planen blei lagt fram i dag.
Gründerplane omfattar løyvingar på til saman 400 millionar kroner, der auka midlar til etableringstilskot er på 150 millionar kroner og løyvinga til pre-såkorn er på 100 millionar. Løyvinga til å få møteplassane Mæland ønskjer seg er på 30 millionar kroner.
Det har vore lett å skaffe seg fast jobb og sikker inntekt

Publisert: 12.10.2015 14:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48