Vurderer nybygg etter baatsal
MÅLØY-BÅT: Banklinebåten "Atlantic" er i godt fiskeri Barentshavet. Inntil vidare skal "Atlantic" også fiske kvotene til "Polarbris", som vart seld til Island i november 2013.
Nytt

Vurderer nybygg etter båtsal

Banklinebåten «Atlantic» frå Måløy har fått ein god start på året. Reiarlaget er i tenkeboksa for bygging av ein ny båt.

03.04.2014
- Ja, i år ser det minst like bra ut som i 2013, seier dagleg leiar Kjell-Gunnar Hoddevik i Måløy-selskapet Atlantic Seafish.
Selskapet har no att berre «Atlantic» etter at den andre banklinebåten «Polarbris» vart seld til Island i november i fjor.
- Vi valde å kvitte oss med den båten, seier Hoddevik, som ikkje vil oppgi salssummen til den 14 år gamle båten.
- Men det var sjølvsagt alt for lite.

Vurderer nybygg

Hoddevik seier at selskapet har ingen planar om å selje seg ut av fiskeri. Tvert imot er ein i tenkeboksa om eit eventuelt nybygg.
- Vi selde "Polarbris" for å kunne byggje nytt.
Han opplyser at dersom det vert nybygg, kan kvotene til "Polarbris" fiskast av "Atlantic" i to år.
- Vi veit enno ikkje heilt korleis dette vert, seier han.

Lokalt mannskap

«Atlantic» er no i fiskeri Barentshavet. Om bord er 16 mann, kvar på to skift. Dei aller fleste av mannskapet er frå Nordfjord og Sunnmøre.
- Vi har ein frå Færøyane, ein frå Polen og ein frå Danmark. Resten er lokale, seier Hoddevik.
Rekneskapstala for Atlantic Seafish viser eit kraftig hopp i driftsinntekter frå 2012 til 2013, og bikka 102 millionar i 2013. Noko av forklaringa til dette ligg i at selskapet i 2013 kjøpte «Erliner» som struktureringsobjekt. Båten gjekk ein tur på blåkveitefiske før kvotene vart fordelte mellom «Atlantic» og «Polarbris».
Ordinært resultat før skatt hamna i 2013 på pluss 1,5 millionar kroner, mot minus 2,8 millionar i 2012.

Nytt fryseri

Hoddevik forklarer det svake resultatet i 2012 med at ein då fekk sett inn nytt fryseri på «Atlantic».
- No har vi ein topp moderne båt, seier han.
Totalt er det 34 tilsette i Atlantic Seafish, der to arbeider i morselskapet.
Hovedaksjonærar i selskapet er Kjell Gunnar Hoddevik (26,6 %), Jonny Terje Årvik (26,6 %), Kåre Furnes (21,6 %), Tore Jarl Johansen (15,8 %) og Jan Ove Langeland (5,0 %). Aksjonærane får ikkje utbyte i 2013 ettersom styret har vedtatt å overføre overskotet til eigenkapital.
 Men det var sjølvsagt alt for lite

Publisert: 03.04.2014 13:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32