Yara Birkeland snart i drift - fleire år forseinka
Statsministeren håpar teknologien på verdas første elektriske og sjølvkøyrande konteinarskip, kan eksporterast til heile verda.
(NPK-NTB-Marius Helge Larsen) – Her har vi sett ei verdsnyheit og eit lite steg for Yara – og kanskje eit stort steg for oss alle, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB.
Han fekk fredag omvising på det nye konteinarskipet som skal frakte mineralgjødsel frå Yaras fabrikk i Porsgrunn til eksporthamna i Brevik.
Årleg vil det etter planen erstatte 40.000 turar med dieseldrivne lastebilar.
Håper på eksport
Støre håpar teknologien kan ta verda med storm og bli ei ny eksportvare.
– Dette gir oss store moglegheiter til å utvikle sånne konsept i andre delar av verda. Tenk på transportbehova i Asia til dømes. Det er store moglegheiter, seier han.
Skipet er utvikla i samarbeid med Kongsberg Maritime, og prosjektet har fått 136 millionar kroner i støtte frå norske styresmakter.
Kraftig forseinka
Yara Birkeland blir sett i drift i 2022 og startar ei toårs uttesting for å bli sjølvkøyrande. Det skal lede til endeleg sertifisering som eit autonomt heilelektrisk konteinarskip.
Prosjektet har vore kraftig forseinka. Då planane blei kjent i 2017, vart det opplyst at ein ville sjøsette skipet i 2018 og at den første autonome turen var planlagd til 2020.
Tenk på transportbehova i Asia til dømes. Det er store moglegheiter
– Industrien må bestemme
I Hurdalsplattforma slår Arbeidarpartiet og Senterpartiet fast at dei vil satse på grøn skipsfart.
I framlegg til statsbudsjett for neste år har regjeringa sett av 200 millionar kroner ekstra til dette formålet. Men pengane skal òg gå til annan grøn industri, hydrogen, utsleppsfri landstransport og infrastruktur for nullutsleppsdrivstoff gjennom Enova.
– Vi peikar i retning av auka støtte til Enova og auka støtte til grøn skipsfart. Det er eit viktig satsingsområde for oss, seier Støre.
– Men viss de vil ha fleire sånne skip, burde de ikkje ha sett av meir pengar?
– Eg seier ikkje at vi skal bestemme at det skal byggjast fleire sånne skip, det må industrien bestemme, der det er relevant. Det er industrien si oppgåve å planleggje og utvikle, og så skal vi støtte gode prosjekt.
Sjå bildeserie under:
Publisert: 19.11.2021 13:32
Sist oppdatert: 19.11.2021 21:01