AA gaa paa sjoeen no er eit tapsprosjekt
LANDLIGGJE: Dei ligg ved kai og ventar på makrellen. Frå venstre Øyvind Tomren, Paul Haram og Kåre Robert Pettersen.
Nytt

- Å gå på sjøen no er eit tapsprosjekt

Makrellfiskarane fortvilar. Det er ikkje makrell å finne nokon stad, og dei fleste båtane ligg ved kai.

23.08.2017
- Å gå til sjøs no er berre eit tapsprosjekt. Det kostar både med diesel og is, og når vi ikkje får meir enn nokre få kilo er det betre å liggje ved kai.
Det seier Kåre Robert Pettersen på båten Mot frå Sørvågen i Lofoten.
På havet er det svartestille, men Mot ligg likevel godt forankra ved Almenningskaia i Fosnavåg. Her ligg det makrellbåtar på rekkje og rad.
- Vi ventar og ser. Det er ein fortvilande situasjon. Det er like før eg set ein U framfor båtnamnet, seier Pettersen.
Vi møter Pettersen om bord i Mot, der han har besøk av Øyvind Tørlen frå Vestnes med båten Malin og Paul Haram frå Haramsøya med båten Rørstad.
- Her er det krisemøte, seier Haram.

Stadig lenger nord

Han har drive med makrellfiske i 20 sesongar, men ikkje opplevd ein så dårleg start på sesongen.
- I fjor var det makrell over alt. No er han heilt vekke.
Haram seier at han første åra starta å fiske makrell utanfor Egersund, deretter vart det utanfor Skudeneshamn og så vidare nordover.
- Makrellen trekkjer stadig lenger nord. No ser det ut til at vi også må langt til havs for å få han.

Held saman

Teoriane er mange om kva som er årsaka til at makrellen er vekke, ein teori går på at straumen i sommar har gått nord- og vestover, slik at all åte har forsvunne vest i havet - og med det også fisken.
- Ein stad er makrellen. Vi berre veit at han ikkje er her han normalt er, seier Pettersen.
Dei tre karane brukar å halde saman under fiskeriet.
- Ja, det er betre å vere fleire saman, spesielt om vi må gå langt til havs, seier Haram.

- Telenor tener mest

No avventar dei situasjonen.
- Akkurat no er det Telenor som tener mest pengar. Det er mykje telefonering og tekstmeldingar, seier Pettersen.
Dei tre har kvar ei kvote på vel 100 tonn dorgemakrell. Normalt ville det gitt godt over ein halv million kroner i inntekter.
- Dette er eit svært viktig fiske for oss. Sjølv om det ser mørkt ut no, kan vi ikkje gi opp, seier Øyvind Tomren.

Ventar på ringnot

Han viser til at makrellen har spor.
- Det er ein jeger, som flyttar seg fort. Om nokre dagar kan situasjonen vere heilt omsnudd, sjølv om stemninga er laber no.
Pettersen seier at det vert spennande å sjå kva som skjer når ringnotbåtane kjem i sving.
- Då veit vi kor langt til havs vi må gå. Slik det ser ut no, vert det langt.

Små kvanta

Dagleg leiar Roar Aasen ved Fosnavaag Pelagic seier at dei båtane som er inom og leverer har svært små fangstar.
- Det er ingen som får noko sæleg, og normalt er det berre botnen av tankane som er dekt.
- Ikkje er det makrell i fjordane, ikkje er det makrell langs kysten og det er lite å få også for dei som går ned i Nordsjøen.
Han har likevel ikkje gitt opp trua på at det vert fart i fisket til slutt.
- Normalt er dette dei beste vekene i året, men i fjor hadde vi svært gode veker også i september.
- Det kan absolutt snu. Kanskje det trengst ein storm frå vest først, seier Aasen.
Akkurat no er det Telenor som tener mest pengar. Det er mykje telefonering og tekstmeldingar

Publisert: 23.08.2017 15:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13