Svenn Ivar Fure IKKE GJENBRUK foto npk
KRETSLØP: – Å ha vore med på kretsløpet og forstå tidspresset som ligg i det å så og hauste inn og alltid måtte sjå på vêret, det har vore nyttig i alle jobbar eg har hatt, seier konsernsjef i Felleskjøpet Agri, Svenn Ivar Fure. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Nytt

– Å vere bonde er eit veldig farleg og einsamt yrke

Felleskjøpet-sjefen strauk på traktorlappen fordi han råkøyrde. No er stryningen meir oppteken av stabil vekst enn at ting skal gå fort.

(NPK): Sola stod høgt på austlandshimmelen denne junidagen, og frå mange jorde steig gauven av knusktørr mold. Det var kanskje ikkje tilfeldig at konsernsjef i Felleskjøpet Agri (FKA), Svenn Ivar Fure, hadde samla rekkjene til seminar i denne delen av landet for å diskutere strategiar for årets kornavling. Ja, om det heile teke vil vera korn å snakke om når haustinga etter planen skal ta til.

– I fjor hadde vi nesten alt dyrefôret vi trong, medan vi på matsida produserte rundt 80 prosent av det norske kornforbruket. Det var jo ei fantastisk kornavling. Slik ser det ikkje ut til å bli i år, sa Fure og dytta solbrillene lenger inn på naseryggen, sjølv om me sat i skuggen av Klækken hotell.

Brillene var grøne og gule, og matcha felleskjøp-skjorta perfekt.

– Då må me til å importere?

–Det må vi. Og litt av utfordringa er at det også har vore tørke i heile Nord Europa.

Alle i arbeid
Me skal koma attende til kornet. Men først til Fure, som sjølv vaks opp på eit lite bruk i Stryn i Nordfjord, som den nest yngste i ein syskenflokk på seks. Det siste uhellet, kallar han seg.

Foreldra ville så gjerne ha ei lita tulle, og det måtte altså fem gutar til før jenta endeleg kom. Fure ler tørt når han konstaterer at ungeflokken i alle fall vart eit stort arbeidslag, og at det for så vidt trongst, då dei dreiv med både sølvrev og blårev og kyr og hadde ei mjølkekvote på 70.000 liter. Arbeidet kasta likevel langt frå nok av seg til å fø heile flokken. Faren jobba difor som kontrollassistent i Sogn og Fjordane meieri ved sida av.

Den slags kvardagsåk verka fjernt frå her Fure sat no, med ei årsløn på 3,85 millionar kroner og ansvaret for eitt av Noregs største selskap i omsetnad. Eigarane er 39.000 norske bønder, og i fjor var omsetnaden i selskapet på 20 milliardar kroner.

Fure forsikra at han slett ikkje har gløymt kvar han kjem frå og at oppveksten på gard har vore med i det meste han har gjort. Det inkluderer også tidlegare leiarroller i Aker Solutions og Norsun.

– Eg har alltid jobba i norske bedrifter. Det å ha vore med på kretsløpet og å forstå tidspresset som ligg i det å så og hauste inn og alltid måtte sjå på vêret. Det har vore nyttig i alle jobbar eg har hatt. Ein lærer at ein aldri kan ta noko for gitt, men må gripe moglegheitene når dei kjem, sa han og la inn litt reklame:

– Felleskjøpet Agri er ikkje berre viktig for landbruket, men har og ei ekstremt sterk stilling i dei rundt hundre lokalsamfunna vi har avdelingar. Mange stader er vi eit naturleg samlingspunkt for bønder som fort kan ha mellom ein til to timars køyreveg til avdelinga si.

Svenn ivar fure IKKE GJENBRUK foto npk 2
SEKS SØSKEN: Det siste uhellet, kallar Svenn Ivar Fure seg. Foreldra ville så gjerne ha ei lita tulle, og det måtte fem gutar til før jenta endeleg kom. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Seint ut på tur
Sjølv bur han på Skøyen i Oslo med kone og to barn. Om det er langt frå kundane, er Fure snar med å påpeike at det derifrå er lett å koma seg alle plassar, og at det går fort, fordi han nesten alltid køyrer mot køen. Heimgarden ved Strynevatnet låg så langt unna sentrum at det var enklare å bruke fritida på å jobbe på garden enn å delta i fritidsaktivitetar.

Så snart han rakk ned til pedalane køyrde han bygdevegane opp og ned på moped. Han enda like godt med å stryke på førstegongsoppkøyringa på traktorlappen, fordi han både braut vikeplikta og køyrde for fort. Særleg langt kom han seg likevel ikkje desse åra. Ikkje ei gong ein liten svipptur til Sverige hadde han å skilte med, då han tok til ved NTNU i Trondheim.

– Eg var 20 år fyrste gong eg var utanlands – og då drog me på klassetur til Singapore og Malaysia. Eg hugsar det som det var i dag, den varme og annleise lufta som slo i mot meg då vi gjekk av flyet.

Fure forklarar mangelen på ferieturar med at han hadde ein travel sommarjobb i sju år. Den betalte såpass at han kunne cashe ut alle skulepengane då han seinare drog til California for å ta siviløkonomgraden.

– Sidan den gong har eg for så vidt reist frå meg. Då eg jobba som konsulent, og i Aker Solutions, drog eg verda rundt; til Asia, Afrika, Sør-Amerika og USA. Det har vore veldig interessant å sjå så mange ulike kulturar.

For til store og små
Det er kulturskilnader i forretningsverda og. Samvirkemodellen som FKA er organisert etter, inneber at ein del av overskotet går direkte tilbake til bøndene gjennom kjøpeutbytte. Ein del blir også reinvestert i nye fabrikkar og utviding av tenestetilbodet.

Det er stort, for å seie det forsiktig. Varer og tenester til landbruket – med korn, kraftfôr, plantevern og gjødsel – er framleis størst og omsette for i underkant av 10 milliardar i fjor, medan dei selde maskiner for 2,9 milliardar. Men den såkalla detaljhandelen gav også 5,9 milliardar i salsinntekter. Den omfattar mellom anna utstyr til hage og kjeledyr til vanlege forbrukarar.

FKA omset til dømes 8.000 tonn norskprodusert og norskutvikla kjæledyrfôr i året. Det blir tilverka på ei eigen produksjonsline på kraftforfabrikken i Vaksdal. Slik får ikkje fabrikken berre større volum og lønsemd, men også eit stort forbruk av norske råvarer.

– Viss ikkje vi hadde produsert dette, ville forbrukarane nytta kjæledyrfôr frå Polen og Kina. Det hadde jo ikkje kome norske bønder til gode.

Slåst mot import
Det stoppar ikkje med smådyrfôr. I fjor drog konsernet også inn 2,4 milliardar kroner på den meir ukjente posten mølle – og bakeriverksemd. Forklaringa er at Felleskjøpet Agri har eigardelar i konsernet Cernova, som i sin tur eig Norgesmøllene.

Dei står bak merkevara Møllerens og eig Mesterbakeren, som bakar brød for Rema. Akkurat no satsar dei stort på alle produkt som kan tenkje seg å innehalde havre. For ikkje å gløyme alle dei små og store bakeriutsala dei eig rundt om.

– Vårt utgangspunkt er å maksimere bruken og verdiskapinga av norsk korn og mjøl. Det er importen vi heile tida slåst mot, fordi det kjem meir og meir utanlandsk korn inn via halvsteikte brød, frosne brødprodukt og pizza. Då må vi samarbeide aktivt med industrien for å få til gode, norske alternativ.

Han løfta blikket:

– Alt vi gjer skal styrke den norske bonden sin økonomi på kort og lang sikt. Tinga me jobbar med ut mot forbrukar, gagnar bonden i form av auka inntekter ved sal av råvarer. I tillegg jobbar vi heile tida med å utvikle produkt og tenester som gjer det enkelt for bøndene å vere bønder – uansett kor lite eller stort dei driv.

Større ansvar
Fure er særleg stolt over at konsernet dei siste to åra har halvert talet på tilsette som skadar seg slik at dei ikkje kjem på jobb dagen etter. Det er eit resultat av praktisk trening og opplæring i rydding, vedlikehald og rett bruk av utstyr og verneutstyr. Han meiner prinsippa også kan overførast til eigarane av Felleskjøpet:

– Å vere bonde er eit veldig farleg og einsamt yrke. Det er ikkje berre fysisk farleg, folk er også under stort psykisk press. Uansett kva resultat ein oppnår økonomisk, er det ikkje verd noko, om folk blir alvorleg skadde eller det går med menneskeliv.

I eit større etisk perspektiv meiner han vi i Noreg må dyrke så mykje vi kan, slik at vi ikkje bidreg til å drive opp prisane i resten av verda.

– Vi har ikkje eigarar som krev superprofitt og at vi aukar prisane når det er manko på noko. Styret er opptekne av at vi må vere føreseielege. Marginane skal difor ikkje vere høgare enn at vi kan drifte anlegga våre godt, reinvestere og betale eit føreseieleg kjøpeutbytte.

Blest om bonus
I si eiga jobbkontrakt har Svenn Ivar Fure ei bonusordning på inntil 20 prosent av fastlønn. Kriteria for bonusen blir fastsett av styret og handlar ofte om måloppnåing.

I 2021 hadde Fure levert så godt at bonusen var på fleire hundre tusen kroner. Dei takka han overraskande nei til.

– Då eg tok til i jobben reiste eg rundt og møtte bønder som fortalde om kvardagen sin. Dette var i perioden før kostnadskompensasjonsordningar og auke i målpris og tilskot. Mange bønder sleit med å få det til å gå rundt. Det kjendest ikkje rett å ta i mot bonus når mange av eigarane vart strypte av høge kostnader, sjølv om konsernet hadde levert på måloppnåing.

Det er klart ein får kred hjå bønder for å stikke fingeren i jorda slik. Misnøya var difor tilsvarande stor blant somme då det vart kjent at tilsette i norske og svenske FKA samla får utbetalt 10 millionar kroner i bonus i år. Då media spurde Fure om kvifor, svara han at dei tilsette hadde vore «leveringsdyktige og sytt for lågast mogleg marginar til bonden, trass i usikre tider og råvaresituasjonen».

Sjølv kunne han kassere inn 578.000 kroner for dei gode resultata i 2022. Det er nesten så ein kunne tru at krisa i landbruket er over. Har marginane til bonden verkeleg vore skore til beinet, når ein plutseleg har over 10 millionar ekstra til bonusar?

Fure svarar ikkje direkte på spørsmålet, men understrekar at alle i leiinga og mange andre tilsette i FKA har bonusavtaler knytt opp mot å levere på ulike målkontraktar.

– I fjor var landbruket midt i ein eksplosjon av kostnader som det var uvisst om jordbruksoppgjeret ville dekke inn. Det er framleis høge kostnader for våre medlemmer, men både prisar og tilskot er justert i rett retning, og det er vilje til å justere dei vidare. Eg er stolt over resultata vi har skapt trass eit svært krevjande 2022 med krig, inflasjon og høgare rente. Eg trur også eigarane våre er glade for resultata, og valde difor å ta imot bonusen.

Auka presisjon
Framover meiner Fure det såkalla presisjonslandbruket er noko av det mest spennande for alle partar i bransjen. Enkelt forklart handlar det om å gi jord og planter rett behandling på rett stad til rett tid ved hjelp av hypermoderne teknologi. For sjølv om alt veks på eitt og same jorde, kan tilhøva på ulike kantar av åkerlappen variere veldig.

I presisjonslandbruket brukar ein sensorar for å tildele nøyaktig mengd av alt frå gjødsel og såfrø, til kalk og vatn. Ein kan og få transportruter slik at ein unngår å køyre maskinene på same plass fleire gonger. Det sparar både jorda og dieseltanken, og er slett ikkje berre mynta på austlandsbonden med digre og flate jorde, understreka Fure:

– Eg møtte ein vestlandsbonde med mange og små jordstykke, som før sleit med å hugse kva han hadde gjort kor. Med presisjonsverktøy sa han at han fekk oversikt på ein måte han aldri hadde hatt før.

– Mykje av utstyret som gjer det enklare for bonden, er også relativt dyrt?

– Jo, men vi har og mindre og rimelege maskiner som er dimensjonerte for vestlands- og nordlandsbonden. Vi sel også brukt utstyr og tilbyr finansiering og leige av utstyr. I tillegg hjelper vi til med etablering av maskineigarlag, slik at fleire bønder kan dele.

Dei dumme spørsmåla
Så korleis er stoda i landbruket, då? Fure drog på det. Han har møtt bønder som investerer stort i maskiner og utstyr og tek over drifta av nabogardane og aldri har gjort det så bra som dei gjer no. Andre har akkurat bygd nytt og ikkje bunde renta, og har ikkje råd til nokon ting.

Ser ein det saman med den storstilte omlegginga til lausdrift og nye vernekrav meiner han likevel me har ei større lagdeling no enn før, då sjølve arbeidskrafta og innsatsen var mykje viktigare. Han var likevel snar med å understreke at det er faglaga sin jobb å meine noko om landbrukspolitikken. Fure si rolle er å drive forretning. Det gjer han mellom anna ved å få fagfolk til å prate saman. Og då er vi attende til kornet – og tørka.

– Ei av mine oppgåver er å stille dumme spørsmål, og prøve å få fagfolk til å møte kvarandre for å få nye idear. Kva bør vi til dømes gjere, viss det blir mest halm og lite korn i år? Korleis kan vi best ta vare på halmen og bruke den til grovfôr, slik at bøndene slepp å slakte ned buskapen eller redusere mjølkeproduksjonen? Korleis får vi husdyrbonden til å legge inn bestilling til kornbonden så tidleg at kornbonden får ein føreseieleg marknad for halmfôret? Og kva råd skal vi gje om kva for kraftfôr som passar best med halm?

Han smilte, og minna om at dei fekk til dette under tørka i 2018. Framover er det berre viktig å få kunnskapen opp og fram att, slik at bøndene kan gå frå fortviling til løysingsmodus. For at dei må tenkje kreativt framover, det var ikkje Svenn Ivar Fure det minste i tvil om:

– Det blir spennande å sjå om det kjem regn. Men eit godt kornår, det trur eg uansett ikkje det blir

(©NPK)

Publisert: 23.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 23.07.2023 19:24

Mer om