- Dette vert utruleg spennande. Åge har vore med på store opp- og nedturar. Tippar også at han har nokre gode råd å gi oss, seier styreleiar Ruben Kvalsvik i den nystarta organisasjonen.
Møtet vert på Thon Hotel Fosnavaag.
- I tillegg til Åge Remøy, skal vi på møtet diskutere vegen vidare, ha ei runde om kva medlemane ønskjer at arrangementa skal inneaolde og i tillegg får alle servert pizza, seier styremedlem Anne-Marte Berge.
- Veldig spennande, men du ser at det var smått med ungdom i salen. Dette ønskjer vi å gjere noko med, seier Remøy-Bakke.
Han går fiske og fangst ved Herøy vidaregåande skule, og satsar på å verte fiskar på ringnot.
Ruben Kvalsvik er finansiell rådgivar i Sparebanken Møre, medan Anne-Marte Berge er prosjektingeniør ved Havyard Design & Solutions.
- Det er mange ungdomar som er interesserte i den maritime næringa, men vi har få møteplassar. Dette var hovudgrunnen til at vi starta Marine Talents for å etablere ein aktør som tilbyr nettverk og læring som er tilpassa vår aldersgruppe.
- Her er alle velkomne, anten ein er på sjø, arbeider på kontor eller berre har ei interesse for den maritime næringa.
Arrangementet 30. november vil vere ope for alle og gratis.
Maritime Talents er underlagt Shippingklubben i Fosnavåg.
Møtet vert på Thon Hotel Fosnavaag.
- I tillegg til Åge Remøy, skal vi på møtet diskutere vegen vidare, ha ei runde om kva medlemane ønskjer at arrangementa skal inneaolde og i tillegg får alle servert pizza, seier styremedlem Anne-Marte Berge.
Vil samle ungdomen
Saman med Kristian Remøy-Bakke, også frå styret, var dei tre måndag til stades på eit møte i Fosnavaag Shippingklubb om autonome skip.- Veldig spennande, men du ser at det var smått med ungdom i salen. Dette ønskjer vi å gjere noko med, seier Remøy-Bakke.
Han går fiske og fangst ved Herøy vidaregåande skule, og satsar på å verte fiskar på ringnot.
Ruben Kvalsvik er finansiell rådgivar i Sparebanken Møre, medan Anne-Marte Berge er prosjektingeniør ved Havyard Design & Solutions.
- Det er mange ungdomar som er interesserte i den maritime næringa, men vi har få møteplassar. Dette var hovudgrunnen til at vi starta Marine Talents for å etablere ein aktør som tilbyr nettverk og læring som er tilpassa vår aldersgruppe.
For alle under 35 år
Dei seier at målet er å samle alle ungdomar mellom 18 og 35 frå søre Sunnmøre.- Her er alle velkomne, anten ein er på sjø, arbeider på kontor eller berre har ei interesse for den maritime næringa.
Arrangementet 30. november vil vere ope for alle og gratis.
Maritime Talents er underlagt Shippingklubben i Fosnavåg.
Det er mange ungdomar som er interesserte i den maritime næringa, men vi har få møteplassar
Publisert: 24.11.2017 15:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16