Om alt går etter planen vil Norwind Offshore-reiarlaget få fleire nye skip inn i flåten. Årsaka er at ein av partnarane deira, Navigare Capital Partners, vurderer å kjøpe til saman ti skip frå Edda Wind i samarbeid med britiske North Star.
Administrerande direktør Svein Leon Aure i Norwind Offshore stadfestar til Nett No at reiarlaget med base i Ålesund kan ende opp med fleire skip om handelen går i boks.
– Det er intensjonen at vi skal drifta nokre av desse skipa for Navigare Capital Partners, om alle formalitetar kjem på plass og kjøpet blir gjennomført, seier Aure.

Kan få seks nye skip
Denne veka blei det klart at Navigare Capital Partners og North Star vurderer å kjøpe heile flåten til Edda Wind som mellom anna er eigd av Wilh Wilhelmsen Holding-kontrollerte Wilhelmsen New Energy.
Det dreiar seg om til saman ti skip, både SOV-ar (service operation vessels ) og CSOV-ar (commissioning service operation vessels).
Børsmeldinga frå Wilh Wilhelmsen opplyste ikkje korleis det er tenkt at skip ska bli fordelt, men ifølgje nettstaden Riviera Maritime Media skal Navigare Capital Partners få hand om seks skip.
Desse ligg dermed an til å ende i flåten til Norwind Offshore.
Dei andre skipa skal etter planen til Nort Star, eit britisk reiarlag som har eit mål om å bygge ein flåte på kring 40 vindskip. Det opplyste reiarsjef Gitte Gard Talmo til Nett No i fjor då dei tok over eit nybygg frå Vard.
Har seks skip i flåten i dag
Norwind Offshore har no seks skip etter at dei fekk levert Norwind Maestro frå Vard Søviknes i januar.
Reiarlaget har også ytterlegare to skip under bygging hos Vard – eitt som skal leverast frå Søviknes-verftet og eitt frå Vard sitt verft i Vietnam.
Norwind Offshore har spesialisert seg mot vindkraftmarknaden. 2024-rekneskapen plasserte reiarlaget i toppen når det kom til lønnsemd i Nett No sin resultatoversikt for reiarlaga på Nordvestlandet.
Publisert: 05.03.2026 19:30
Sist oppdatert: 05.03.2026 21:21






