Pål R Amundsen Romsdalen as foto Ogne
SATSAR PÅ ÅNDALSNES: Dei gamle sjøbuene i bakgrunnen skal erstattast med eit nytt hotell. Frå før har selskapet Romsdalen, der Pål R. Amundsen (biletet) er sjef fått bygd Romsdalsgondolen og Eggen restaurant på Åndaldsnes. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Åndalsnes over doblar hotell-kapasiteten

To nybygg og utviding kan gi over 200 nye hotellrom.

15.02.2022

Grand Hotel på Åndalsnes med sine 86 rom vil i løpet av få år få følgje av to nye hotell i Åndalsnes sentrum og skal sjølv bli utvida med eit tilbygg som gir fleire rom.

Selskapet Romsdalen as har sikra seg tomter ved sjøkanten, der gamle lager- og verkstadbygg skal bort til fordel for eit hotell med mellom 100 og 140 rom.

Hotellet kan stå ferdig tidlegast i 2024, seier dagleg leiar Pål R. Amundsen i Romsdalen as til NETT NO. Ei endleg avgjerd om storleik og korleis hotellet skal sjå ut kan takast til hausten, reknar han med. Førebels vil han ikkje kommentere kor mykje hotellet kjem til å koste ut over på stadfeste at det er snakk om ei tresifra million-investering.

Utvidar Grand Hotel
Storleiken på utvidinga av Grand Hotel vil han heller ikkje ut med førebels. Der er det snakk om ei tosifra millioninvestering, med mål om å vere klar til sommarsesongen 2023.

Romsdalen as blei skipa i 2017 og er først og fremst kjent for å stå bak bygginga av Romsdalsgondolen og restauranten ved øvre stasjon for gondolen, 708 meter over havet på fjellet Nesaksla, med utsikt ned i Romsdalen og Isfjorden og til fjellheimen rundt.

Selskapet eig også 50 prosent av Grand Hotel, med Classic Norway i Molde som den andre eigaren.

Aak Hotel-samarbeid
Den andre nybyggingsplanen i hotellmarknaden på Åndalsnes er det selskapet Axio i Molde som står bak, med selskapa Landmark Eftf AS, Snødrev AS, og FAT Invest AS som partnarar.

Snødrev er selskapet som eig og driv Aak Hotel i Romsdalen og planen er å drive begge hotella i regi av Snødrev-organisasjonen, skriv Åndalsnes Avis.

Axio og partnarane vil også bygg i sentrum, eit fem-etasjer bygg med i alt 40 rom, ifølgje Åndalsnes Avis.

Vekst på opplevingar
Opplevingar og heilårsturisme er stikkord for reiselivsatsinga til Romsdalen as.

- Vi ser at det er fleire og fleire som kjem hit på vinteren for å gå på toppturar, seier Amundsen.

Målet er å lokke til seg både individuelle reisande som mellom anna vil oppleve fjellheimen i Rauma, på ski eller til fots, og konferansar og møte med opplevingar som ein del av tilbodet.

- Vi ser at det er fleire og fleire som kjem hit på vinteren for å gå på toppturar
Pål R. Amundsen

Begge deler vil vekse, etter Romsdalen as sine vurderingar, fortel Amundsen, og auka hotellkapasitet er eit vilkår for å få det til.

Eit ekstra pluss for Åndalsnes er jernbana, etter Amundsen si vurdering. I dag går det tog mellom Oslo og Åndalsnes fire gangar dagleg (med togbytte på Dombås) og frå slutten av 2022 skal togselskapet auke det til seks gangar om dagen.

Publisert: 15.02.2022 06:00

Sist oppdatert: 15.02.2022 07:10

Mer om