Åslaug Haga med breiside mot politikarane
– Har abdisert i energispørsmålet
NPK-NTB-Bibiana Piene: Norsk energipolitikk heng ikkje på greip, seier Fornybar Norge-direktør Åslaug Haga. Ho meiner politikarane har forsømt seg.
– Stortinget har på mange vis abdisert i energipolitikken. Ein har ikkje teke realitetane innover seg. Og det har ein ikkje gjort i lengre tid, seier Haga til NTB.
1. januar byrja den tidlegare Senterparti-leiaren og olje- og energiministeren som ny sjef for den ferske organisasjonen Fornybar Norge, som er ein landsomfattande interesse- og arbeidsgivarorganisasjon for heile fornybarnæringa.
Få dagar seinare går ho altså hardt ut mot politikarane.
– Noreg styrer mot kraftunderskot i 2026–27. Det er det ikkje så mange politikarar som har teke inn over seg, seier Haga.
– Reknestykket går ikkje opp
Ho viser til ein rapport som analyseselskapet Thema har gjort for NHO. Den viser at Noreg vil ha behov for 57 terawattimar (TWh) meir kraft i 2030 om løfte om klimakutt og grøn industri skal haldast. Det er meir enn ein tredel av all straumen som blir i dag produsert, i eit system det har teke 150 år å byggje opp, påpeikar Haga.
– Det vil bli formidabelt krevjande. Men i dag har vi ikkje rammevilkår som gjer at vi greier dette.
Også Statnett har i eit ferskt brev åtvara regjeringa om «betydelege utfordringar» i kraftsystemet om få år, skriv EnergiWatch.
Haga meiner politikarane har vore meir opptekne av å diskutere utanlandskablar og straumpris og motførestillingar mot vindkraft på land enn korleis ein kan sikre energiforsyninga. Problemet er at det ikkje er reell vilje til å byggje ut meir fornybar energi, seier ho.
– I Noreg har vi teke billig kraft for gitt. Men du kan ikkje både ha null forståing for at ein skal byggje ut vasskraft og vindkraft, og helst ikkje ta noko areal til sol heller, og samtidig ønskje å kutte kablane. Det går ikkje i hop. Og ein bør jo kunne forvente av politikarar at dei greier å få reknestykket til å gå opp når ein snakkar om noko så fundamentalt for samfunnet som tilførselen på straum, slår ho fast.
– For det er ikkje sånn at vi oppdaga i går at vi vil få kraftunderskot om tre–fire år. Det har vi visst lenge. Men Stortinget har ikkje teke omsyn til det, seier ho.
Utfordring
Regjeringa satsar no på at havvind skal bidra til å løyse problema.
Men på NHOs årskonferanse torsdag trekte mellom andre EU-eksperten Georg Riekeles fram at dei norske havvindambisjonane er små samanlikna med andre europeiske land. Noreg risikerer å hamne langt bak i kappløpet om å bli den neste europeiske energinasjonen, meiner han.
Haga har stor tru på havvind, men er samd i kritikken.
– Ambisjonane kan i beste fall kallast små, seier ho og sender denne utfordringa til Stortinget og regjeringa:
– Dei må lage ein energi-, industri- og skattepolitikk som heng saman. Det har vi ikkje i dag, seier ho.
– Kva betydning speler olja i dette biletet?
– Vi er framleis i «oljedopets» tid. Det er ganske fascinerande at ein er villig til å leggje flest offentlege pengar inn i oljesektoren, som jo skal reduserast over tid. Samtidig blir det innført skatteskjerping på det vi ønskjer oss meir av, og som vi veit er energien i framtida, seier ho og viser til at regjeringa har innført grunnrenteskatt på 40 prosent for landbasert vindkraft frå 1. januar.
– Det reduserer investeringane stort, seier Haga.
Publisert: 06.01.2023 12:45
Sist oppdatert: 06.01.2023 20:49