O El boelgja mot nye hoegder
BRYGGERISTATSING: Kenneth Løken og Frank Maråk i Geiranger Bryggeri. Målet er eit sal som gir grunnlag for heiltids arbeidsplass. Sidan 2013 har talet på bryggeri på Nordvestlandet gått frå eitt til fem.
Nytt

Øl-bølgja mot nye høgder

På to år har Jørund Ringset i Trollbryggeriet fått fire nye lokale konkurrentar. Øl-bølgja blir større og større.

19.03.2016
- Det er voldsomt kor dei styra på, seier Jørund Ringset.
Han har nettopp fått dei første flaskene Slogen-øl frå Trollbryggeriet sitt nye anlegg i Liabygda ut av dørene, og konstanterer med ei viss spenning at det er blitt fleire lokale bryggeri i marknaden. No har Ringset og partnar Kjartan Lied eit anlegg som kan produserer opp mot 200.000 liter i året, nesten ei dobling av kapasiteten. Men dei har ikkje lenger heimebana åleine. Og heimebana er viktig. Ringset anslår at mellom 50 og 25 prosent av salet skje på Sunnmøre.

Geiranger Bryggeri kom med sine første flasker i fjor haust og har ein årleg kapasitet på 100.000 liter.
Tonga Gardsbryggeri i Nordal i Nordal kommune utvida ved årskiftet frå ein kapasitet på 5000 liter til 50.000 liter i året.
Grim & Gryt på Hareid kan produsere rundt 60.000-70.000 liten med dagens anlegg, og vonar å nå eit sal på 40.000 liter i år.
Og like rundt hjørnet kjem øl frå eit relansert Båtbryggeriet i Vestnes, med distribusjonsavtale med Oscar Sylte i Molde og eit anlegg som kan produsere 300.000 liter i året.
Kapasitetstala fortel ikkje kor mykje øl bryggeria vil sende ut på marknaden i år. Produksjonen vil bli langt lågare i første omgang, men dei har i alle fall rusta seg for stor vekst i åra framover.

Øl som leveveg

- Alle bygder med respekt for seg sjølv må ha eit bryggeri, seier medeigar Kenneth Løken i Geiranger Bryggeri. Han og dei andre aksjonærane satsar i første omgang på å drive bryggeriet som ei attåtnæring, der brygginga kjem ved sidan av full jobb.
I år ventar bryggarane i Geiranger å selje 35.000 liter. Men målet er å auke salet nok til at det blir minst ein heiltids arbeidsplass i bryggeriet.
Hos Tonga Gardsbryggeri i Nordal arbeider Synnøve Bjørnstad på full tid, medan bryggjar og sambuar Stein Harald Døving kombinere annan jobb og ølbrygging.
Hos Grim & Gryt har eigarane Øyvind Grimstad Gryt og Andreas Grimstad sagt opp jobbane og satsar på heiltid, og hos Trollbryggeriet har Jørund Ringset og ein kollega dagleg jobb i bryggeribedrifta.
Hos Båbryggeriet blir det arbeid på fritida i starten, men også der er målet å skape heiltids arbeidplassar i bryggeriet.

Angra på nedlegging

Trollbryggeriet, som blei skipa i 2008, er det eldste at dei eksisterande lokale bryggeria som satsa på den nye ølbølgja, der små bryggeri utfordra dei store bryggerigigantane.
Men det nyskipa Baatbryggeriet har aner tilbake til den nye ølgbølgja sin spede start. Det første Baatbryggeriet blei etablert i 2004, men nedlagt i 2007. Utstyret blei seld til Kinn Bryggeri i Florø, som i dag er blitt eit av dei store småprodusentane i ølbransjen.
Den nedlegginga angra vi på, seier dagleg leiar og medeigar Einar Brennvik.
No har han fått med seg Jørgen Torp og Terje Bystøl Hansen frå førre gang, saman med nykomar Kjetil Presthus, og relanserer øltypane Babord og Styrbord, saman med polversjonane Hardt babord og Hardt styrbord.
-Vi har fått utstyret, flytta inn i nytt bygg, brygga masse øl og venta på ein kinesar som skulle kome og stille inn tappemaskinen. Og han kom i går, sa Brennvik til NETT NO tidlegare i veka.

Rakettvekst

I 2009 var Bryggeri- og drikkevareforeningen ein enkel og oversiktleg organisasjon med 13 medlemar.
I 2013 viste medlemesregisteret 50, året etter var det blitt 73. I dag er det 107. Foreininga fangar ikkje alt som er av bryggeri i Noreg, men medlemsutviklinga gir eit godt bilete av kor stor veksten i bryggeribransjen har vore.
Ein av fem arbeidsplassar i bryggeribransjen er no i dei nye, små bryggeria, i følgje Bryggeriforeningen. Til saman er det snakk om 270 arbeidsplassar, fordelt på 77 kommunar, frå Longearbyen i nord til Lindesnes i sør.
- Vi reknar med fortsatt vekst for småbryggeria i fleire år framover, seier direktør Petter Nome i Bryggeri og Drikkevareforeningen.
Han meiner det ikkje er usannsynleg at småbryggeria kan nå ein marknadsandel på åtte-ti prosent innen år 2020. Skjer det er det rom for god vekst enno nokre år. I fjor sto småbryggeria for 3,99 prosent av salet i Noreg.

Avskalling

Bryggeriforeinga ventar det kjem avskalling i bransjen, men ser førebels ikkje teikn til at avskalling har byrja.
- I løpet av neste år trur eg vi vil begynne på sjå det, seier Øyvind Grimstad Gryt i Grim & Gryt på Hareid.
Bryggeriet, som sende sitt første øl ut på marknaden i 2014, kunne i januar i år inkassere pris for beste tradisjonsøl.

Dei største av dei små, som Kinn Bryggeri og Nøgne Ø, har befesta sin posisjon, meiner Grimstad Gryt. For resten handlar det om å skille seg ut, og falle i smak.
- Viss det ølet du lagar ikkje er så mykje betre enn andre så er det begrensa kor lenge du kan leve på lokalpariotisme og merkevare, seier han.

Fleire bein

-Vi dreiv og stanga i taket, seier Jørund Ringset i Trollbryggeriet om grunnen til utvidinga. I 2014 selde Trollbryggeriet rett i underkant av 100.000 liter, fekk 3,1 millionar kroner i driftsinntekter og eit overskot på ein halv million. I år er forventningane å nå ny rekord, 110.000 liter.
Etter ei investering på seks-sju millionar kroner har Ringset og partnar Kjartan Lied fått eit anlegg som kan produserer 200.000 liter øl i året. Det er omlag ei dobling samanlikna med kva bryggeriet kunne greie før.
Bryggeriet, som i starten heldt til i nokre rom i underetasjen i det tidlegare butikk-bygget i Liabygda i Stranda, har no tatt heile bygget i bruk. I underetasjen er det tapping og lager, i overetasjen sjølve bryggeriet og eit kombinert selskaps- og publokale som skal bidra til eit eksta bein å stå på for selskapet.
Byggeperioden har gått litt ut over produktutviklinga, seier Ringset, men no når den er over kjem han med fleire nye øl på marknaden.
Han er samd med Grimstad Gryt om kva som skal til for å overleve.
- Først og fremst at vi lagar eit øl som kundane våre likar, seier Ringset.


Alle bygder med respekt for seg sjølv må ha eit bryggeri

Publisert: 19.03.2016 06:00

Sist oppdatert: 27.05.2022 09:30

Mer om