Høgsterett har i dag avvist ankesaka og saka bli derfor ikkje fremja for tingretten etter tvistelova sitt vanlege spor. Høgsterett grunngjev dette med at «anken ikkje reiser spørsmål som har noko å seie utanfor den aktuelle saka».
Dette er eit heilt absurd utsagn fra Høgsterett all den tid formuesskatten rammar alt privat norskeigd næringsliv systematisk. Dette handlar ikkje om meg eller dei tre andre saksøkjarane. Denne saka er ei pilotsak som skal fremje norskeigd næringsliv sine interesser for generasjonar!
Eg driv ei lita distriktsverksemd og eg har peikt på at det er dei små og mellomstore bedriftene som lir mest under denne skattlegginga. I praksis betyr dette at pengar eg ville brukt til vedlikehald og jobbskaping blir fråteken meg. Kva er rettferda i at eg må sende nær 600.000 kroner inn i statskassa, medan den utanlandske eigaren betaler kroner null? Dette er grovt diskriminerande overfor norskeigd næringsliv.
Eg registrerer at staten får medhald i at saka ikkje skal realitetsprøvast. For meg er dette eit bevis på kor skeiv kampen er når «den vesle mann» møter staten: Staten kan bruke systemet som skjold, medan den enkelte blir ståande att utan reell prøving av det prinsipielle spørsmålet, med kostnadar og tidsbruk som er så ekstreme at det i realiteten er umogleg å få saka prøvd i domstolen.
Dette er nettopp slik rettstryggleiken blir uoppnåeleg for vanlege folk: Du kan ha ei reell oppleving av inngrep i rettane dine, men du kjem aldri forbi tersklane av fristar, spor og prosess fordi systemet er heilt øydeleggande.
Eg har sagt det før og eg seier det igjen: Dette handlar ikkje om at eg ikkje vil betale skatt – eg betalar skatt med glede. Men det må vere likt for alle.
Domstolen seier vi likevel kan saksøke staten; ikkje etter tvistelova, men skatteforvaltingslova. Dette lovverket legg avgrensingar på kor mange år som kan prøvast i spørsmålet om konfiskatorisk skattlegging. På denne måten tek staten frå meg retten til å få prøvd dette spørsmålet fullt ut.
Rettstryggleik som berre fungerer for dei som har tid, pengar og juristar, er ikkje reell rettstryggleik. Vegen til tingretten er fortsatt open, men den blir berre ekstremt mykje meir kostbar. Og eg er ikkje en milliardær akkurat.
No er eg lei meg for at Høgsterett sin kjennelse blei som den blei. Ønsket til regjeringsadvokaten er openbert å knekke oss saksøkjarane både økonomisk og mentalt. No skal vi bruke litt tid på å tenkje oss om, men dersom vi gir oss no vil dette vere eit stort tap for norskeigd næringsliv og framtidige generasjonar si velferd.
av Lars Oscar Øvstegård
Publisert: 13.02.2026 11:56
Sist oppdatert: 13.02.2026 11:59






