Kenneth Langvatn foto Silje Giske 11
SKIPSTRANSPORT: Ordførar Kenneth Langvatn reagerer på at sjøvegen langs kysten knapt blei nemnt under Eksportvegkonferansen denne veka. Foto: Silje Giske
Synspunkt

Frå veg til kjøl

– Det er klart vi skal frakte fisken ut frå regionen på båt, skriv Giske-ordføraren i kjølvatnet av eksportvegkonferansen.

06.04.2024

Eksportvegkonferansen 2024 gjekk av stabelen i Ålesund fredag 5. april, med både lokale og sentrale folekvalde, vegmynde, transportaktørar og fleire til på scena. Det handla om veg. Meir og betre veg. Og rett veg.

Utbetring av E136 gjennom Romsdalen finnast det ingen som er i mot, den har vore utbetra, er under utbetring og skal vidare utbetrast fram i tid. Likevel var det denne som kanskje vart mest omtala under heile konferansen, saman med riksveg 70 på Nordmøre, riksveg 15 Strynefjellet, E39 Veibustkrysset og E39 Volda-Furene. Felles for alt dette er Nasjonal Transportplan (NTP). Alt er ivaretatt i dagens og i ny NTP, heldigvis. Likevel var det dette som var tema gjennom heile konferansen.

Det handlar altså om eksportmulegheitene ut av eksportfylket nummer éin i landet. På veg, via Oslo. Og la det vere sagt, eg støttar alle prosjekt som aukar framkomlegheita på desse vegstrekka. Dei er avgjerande for verdiskapinga i landets største eksportfylke. Eg spør likevel: Fisken vi har fiska, drege i land, fryst eller bearbeida, kva har den i Oslo å gjere? Jau, den skal visst vidare til Gøteborg - «Noregs største eksporthamn» - for å skipast ut i verda.

På eksportvegkonferansen 2024 på omfløymde Sunnmøre vart altså «Riksveg 1» - sjøvegen langs kysten – ikkje nemnd med eit ord. Nesten. Det skulle altså ein storbileigar til for å nemne gods på kjøl som ei framtidig mulegheit. Men ingen andre tok til orde for at veksten i eksport må skje over kjøl - ikkje veg. Sidan det ikkje var opna for innspel frå salen, fekk ikkje underteikna eller dei andre eg snakka om sjøvegen med, tatt dette opp.

Det er klart vi skal frakte fisken ut frå regionen på båt! Rett frå Ellingsøya, frå Flatholmen og frå Gjøsund. Direkte til kjøparane på kontinentet. Nordvestlandets viktigaste industriprosjekt: Nye Gjøsund nasjonale fiskerihamn og næringsområde skal bidra til nullvekst i storbiltransport på riksvegnettet, gjennom målretta strategi for transport sjøvegen. Fleire burde tenke den tanken. Landets største eksporthamn burde ikkje ligge i nabolandet, men her heime, på Sunnmøre. Eg berre nemner det i forbifarten.

Av ordførar Kenneth Langvatn i Giske kommune

Publisert: 06.04.2024 12:00

Sist oppdatert: 06.04.2024 12:00

Mer om