Sigurd Teige foto Ogne
KRITISK: Fiskebåtreiar Sigurd Teige meiner klima- og miljøministeren ikkje svarar utfordringane og problemstillingane som regjeringa sin klimaplan reiser for fiskeflåten
Synspunkt

— Grøn svada om klima og fiskebåtar

Kva betyr det når klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn skriv at auka CO2-avgift skal kompenserast, spør fiskebåtreiar Sigurd Teige.

09.03.2021

Dette innlegget sto først på trykk i Fiskeribladet, og er eit tilsvar frå fiskebåtreiar Sigurd Teige til eit innlegg frå klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. Rotevatn har også fått publisert eit praktiskt talt likelydande innlegg i NETT NO.

Eg viser til innlegg i Fiskeribladet 1. mars der ministeren gir ei nærmare forklaring omkring regjeringas ambisjon om å redusere utsleppa i fiskeflåta. Eg oppfatta dette også som eit svar til mitt tidlegare innlegg.

Det er vanskeleg å ta ministerens svar særleg seriøst. For næringa er det uforståeleg at han vel å svare på ein slik overflatisk og lite informativ måte. Det er ikkje gitt nokon konkrete svar på dei utfordringar og problemstillingar som eg forsøkte å belyse i forbindelse med regjeringas klimamelding, og dei alvorlege konsekvensane dette vil kunne få for fiskeflåta i Norge.

Nokre sentrale føresetnader må vi be om klargjering på.

Ministeren viser til at betalt inn avgift skal motsvarast av andre skatte og avgiftslettar for dei næringane dette gjeld. Betyr det at ein fiskebåt skal kompenserast for det beløp som blir betalt inn i CO2 avgift? Førelegg det ein konkret plan på dette — så ber vi om at departementet legg dette fram for næringa. Ifølgje utrekningar på dette skal det betalast inn 7 milliardar kroner dei neste ti åra i fiskeflåten. Betyr det at desse pengane skal uavkorta gå tilbake til dei båtar og fartøygrupper som betaler dei inn?

Det visast til at «dei som går føre med ny teknologi -vil ha eit konkurransefortrinn.» Korleis er det tenkt? Kan ministeren gi oss oppskrifta på dette? Betyr det at investeringar i ny teknologi gir liten eller ingen CO2 avgift? Er det ein konkret plan for dette?

I sitt innlegg ramser han opp alle gode ordningar, og alle prosjekt som blir tilgodesett. Dette er noko vi sjølvsagt er klar over — og det er vel og bra, — men langt frå tilstrekkeleg for å få dette til å henge saman. Fakta er at det i dag ikkje finst alternativ teknologi for større fiskebåtar, som gjer det mogleg å imøtekomme myndigheitene sine krav til utslepp. Dette er ikkje verken sjark eller ferjedrift.

Les også

I regjeringa sin klimaplan heiter det at vi skal ha «ein heilskapleg plan for å nå klimamålet — det skal løne seg å kutte utslepp — og vi skal bli grønare, smartare og meir nyskapande.» Dette må dessverre betraktast som politisk svada, utan at ein kan sjå at det føreligg ein bakanforliggande plan og konsekvensutgreiing på korleis dette skal nåast. Vi ser gjerne at departementet eventuelt kan gjere greie for kva som ligg i denne formuleringa — og gir oss oppskrifta på korleis vi skal oppnå det.

Dette er ein plan som kan gi dramatiske og negative resultata for flåten. Utan ein plan som gir klare og langsiktige løysningar, samtidig som ein forsøker å redusere utslepp vil dette ikkje kunne gi betre klima for nokon. Avgifta er konstruert slik at det er ein rein ekstra særskatt på arbeidsplassar og bedrifter i distrikta, utan å løyse klimaproblemet. Det er det som vi vil karakterisere som uforsvarleg politikk.

For fiskeflåta vil avgifta kunne bety ei tidobling av avgifta til CO2. Konsekvensen er regna på.

  • Dette vil medføre ein gjennomsnittleg nedgang i driftsresultat i perioden 2020 — til 2030 med ca. 30 prosent.
  • Det vil gi ein nedgang i driftsresultat med ca. 42 prosent
  • Det vil gi ei auke av drivstoff som del i driftsutgifter med ca. 60 prosent
  • For enkelte fartøy betyr det ein nedgang i driftsmargin på over 50 prosent
  • For eit enkelt havfiskefartøy kan det bety ei auke på heile kroner 25,000.000 per år i 2030.
  • I tillegg til dette implisere fleire forhold omkring flåtestruktur — og marknadsmessige forhold og utvikling i forhold til andre land.

Resultatet blir

  • Ein betydeleg nedgang i driftsresultat og driftsmargin, mindre lønnsemd for alle fiskefartøy.
  • Reduserte inntekter for mannskap og reiarlag.
  • Sterkt behov for å redusere talet på fiskefartøy gjennom meir strukturering.
  • Marginale fiskeri vil bli ulønnsame.
  • Redusert lønsemd vil redusere nybygging, og utan fornying stoppar utviklinga av klimavenleg teknologi opp.
  • Auka drivstoffkostnader vil potensielt føre til færre driftsdøgn og større sesongtoppar når ressursane er lettast tilgjengeleg. Dette vil kunne gi redusert lønsemd og drift for anlegg i land.
  • Sterkare sentralisering — redusert aktivitet og ringverknader for kystsamfunn og tilhøyrande næringar.
  • Nedbygging og reduksjon av maritim industri i Norge.

Til våre organisasjonar og tillitsmenn håper eg at alle tek inn over seg dei store konsekvensane dette kan ha for fiskerinæringa og aktivitet på kysten. Det må snarast organiserast sterk politisk motstand mot det som einfaldige politikarar driv fram i jag på meir popularitet. Vi bør snarast alliere oss med ansvarlege parti og allierte for å få dette stoppa.


Publisert: 09.03.2021 11:28

Sist oppdatert: 09.03.2021 12:09

Mer om
Annonsørinnhold