Moere og Romsdal fylkeskommune tar miljoe paa alvor
Synspunkt

Møre og Romsdal fylkeskommune tar miljø på alvor

Møre og Romsdal fylkeskommune prioriterer miljøomsyn sjølv om vektinga av miljø- og prisomsyn ikkje er identiske med Hordaland, skriv samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal.

27.11.2016
Møre og Romsdal fylkeskommune har nyleg lagt ut konkurransen om drifta av dei to største fylkeskommunale ferjesambanda; Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm. Ferjesambanda er blant dei mest trafikkerte sambanda i nasjonal samanheng.
Etter utlysninga har vi registrert at det har blitt stilt spørsmål om miljøambisjonane til Møre og Romsdal fylkeskommune. Dette er basert på at vi i konkurransen brukar tildelingskriterium på pris og miljø, der pris tel 80% og miljøkriteria til saman tel 20%. Samstundes har det blitt stilt spørsmål om dei nye miljøferjene bør blir bygd nasjonalt eller utanfor landets grenser.
Dette har kome til utrykk blant anna frå miljøstiftelsen Bellona i Sunnmørsposten 23. september2016, og i det digitale mediet Sysla 31. oktober 2016. Her blir det hevda at Hordaland fylkeskommune stiller tøffare miljøkrav til ferjene enn Møre og Romsdal fylkeskommune. I sistnemnte artikkel blir det også tatt opp at statsminister Erna Solberg i eit tidlegare høve, har varsla at ho kjem til å ta opp vekting av pris- og miljøomsyn med fylkeskommunane.

Må tilby lågutsleppsferjer

Alle offentlege kjøp, skal i følge norsk lov, konkurranseutsettast. Når ein skal ha miljøløysingar er det to måtar dette kan gjerast på. Den eine er å vekte miljø som tildelingskriterium svært høgt og gjennom dette la marknaden bestemme om, og i kva grad, ein får miljøløysingar. Den andre måten å gjere det på, er å sette strenge minstekrav til miljø i leveransen. Skal ein tilbydar bli tildelt kontrakt må han innfri desse minstekrava uavhengig om konkurransen i marknaden er god eller ikkje. Møre og Romsdal fylkeskommune skal ha lågutsleppsferjer i det nye anbodet. Derfor er konkurransen lagt opp slik at det først blir stilt svært strenge minstekrav til miljø som alle må innfri. Deretter skal reiarlaga konkurrere på miljø og pris.
Utsleppet av CO₂ på sambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm er i dag om lag 18 000 tonn. I minstekrava som er stilt i anbodet, kan utsleppet av CO₂ vere på maksimalt 7 200 tonn i året. Ein betydeleg reduksjon, som i seg sjølv gjer at reiarlaga

tilby lågutsleppsferjer for å kunne bli tildelt kontrakt.
Miljøambisjonen kan altså ikkje lesast ut frå miljøvektinga åleine. Maksimumsgrenser for utslepp av CO₂ og energibruk, slik vi har gjort i denne utlysninga, er verkemiddel som sikrar gode miljøløysningar, uavhengig konkurransen mellom reiarlaga. Møre og Romsdal fylkeskommune har sikra ei god løysing for miljøet gjennom dei minstekrava som er stilt i anbodskonkurransen.

Miljøkrav fører til meirkostnader

Sjølv med gode støtteordningar, til dømes frå Enova og NOx-fondet, ligg det venteleg betydelege meirkostnader for Møre og Romsdal fylkeskommune å gå over til lågutsleppsløysingar.
Møre og Romsdal fylkeskommune vil truleg også få auka kostnader knytt til generelt kostnadsetterslep og ferjefornying, som kan bli vesentleg større enn sjølve miljøtiltakskostnadene ved nye anbod. Desse meirkostnadene følger ofte krav om null-og lågutslepp, og blir per i dag ikkje dekt av støtteordningar.

Det må vere balanse mellom miljø og kostnader

Møre og Romsdal fylkeskommune må i forkant av utlysning av ferjeanbod, vurdere alle desse forholda grundig. Vi må finne ein god balanse mellom minimumskrav og vekting av miljø, som også tek omsyn til akseptabel kostnadseffektivitet.
Møre og Romsdal fylkeskommune har forståing for at industrien og politikarane har eit sterkt ønske om at ferjene skal bli designa og bygd i Noreg, i tillegg til at dei skal bli utrusta med teknologi frå norske leverandørar. På den måten kan anbodet bidra med viktig næringsutvikling og sysselsetting. Møre og Romsdal fylkeskommune kan ikkje sette konkurransevridande krav, og det vil vere opp til tilbydarane å bestemme kor ferjene skal byggast.

Vil auka miljøkrav bidra til auka sysselsetting i Noreg?

Møre og Romsdal fylkeskommune ser ingen klar samanheng mellom ytterlegare krav eller vektlegging av miljø, og auka moglegheit for at ferjene vil bli bygd i Noreg. På bakgrunn av dei strenge minstekrava til miljø vil ei auka vektlegging av miljø, i tildelingskriteria innebere at pris blir mindre utslagsgivande i konkurransen, og at vi risikerer å betale meir for ei moderat betring av miljøutslepp. Det er sannsynleg at ferjene som skal byggast til sambanda Hareid-Sulesund og Magerholm-Sykkylven, vil bli designa i Noreg. Mest sannsynleg vil dei bli utrusta med miljøteknologi frå norske bedrifter. Sjølv om vi ikkje kan sette dette som eit krav, kan tilbydarane bygge ferjene ved norske verft, og slik bidra til auka sysselsetting her heime.

Publisert: 27.11.2016 18:01

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41