Møre og Romsdal må tilby urbane opplevingar
Dei som er van med å bo i by, må finne noko av det same her for å ville flytte hit, skriv fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm og Ole Helge Haugen, leiar seksjon for berekraftig samfunnsutvikling i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fylket må ha tilflytting av kvalifisert arbeidskraft dersom Møre og Romsdal som region skal ha vekst og utvikling i åra framover. Det er derfor heilt nødvendig at dei som er van med å bo i by, må finne noko av det same her for å ville flytte hit.
Mykje av velstanden vi opplever her i fylket, kan forklarast med at folk har trygge jobbar. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er låg; ved utgangen av juli månad på 2,5 prosent av arbeidsstyrken, som er 0,6 prosentpoeng lågare enn gjennomsnittet for landet.
Gode tal på sysselsetting er ei stadfesting av at vi har bedrifter som klarer seg godt i konkurransen både nasjonalt og internasjonalt. Og dei leverer også. Møre og Romsdal er nest største fylke i Noreg på fastlandseksport. I 2020 eksporterte næringslivet vårt varer for 165,7 milliardar kroner (Kjelde: SSB). Det betyr at 4,9 prosent av innbyggarane i Noreg står for 10,8 prosent av heile fastlandseksporten i Noreg. Dersom vi reknar eksport per innbyggar, er Møre og Romsdal suverent best.
Nødvendig å trekke til oss folk
Men det er ikkje sjølvsagt at det skal halde fram. Dersom utviklinga skal fortsette, må vi behalde og trekke til oss meir folk, og eit større mangfald av folk. For det er kamp om dei kloke hovuda. Den kanskje viktigaste faktoren for framtidig verdiskaping i regionen, er tilgang på kvalifisert arbeidskraft. Derfor må byane og dei større tettstadane i fylket vere eit konkurransedyktig alternativ, særleg til Oslo, Bergen og Trondheim.
I 2019 flytta det 973 fleire personar frå Møre og Romsdal til andre delar av landet, enn det som kom flyttande til fylket. I den siste fylkesstatistikken frå Møre og Romsdal fylkeskommune står dette: «Mange av dei som flyttar til kommunar utanfor fylket, hamnar i Trøndelag, Oslo eller Hordaland (no Vestland). Tar vi med Akershus, ser vi at mange flyttar ut av fylket til det sentrale austlandsområdet».
Næringslivet i fylket kjenner på utfordringane og har meldt tydeleg at byutvikling er viktig for å kunne vere attraktive.
Auka kompetanse og samarbeid om byutvikling
Heldigvis er arbeidet med å utvikle byane godt i gang i både Kristiansund, Molde og Ålesund. I 2013 tok Møre og Romsdal fylkeskommune initiativ til å utvikle byane som regionale motorar. Sidan har fylkeskommunen, bykommunane og næringslivet i byane jobba breitt med å utvikle Ålesund, Molde og Kristiansund til attraktive, urbane senter i sine regionar, som gir grunnlag for vekst både i byane, omlandet og fylket.
Gjennom prosjektet «Byen som regional motor» er det dei siste åra blitt meir samarbeid, auka bevisstheit om at byutvikling er nødvendig, og auka kompetanse om fagtemaet byutvikling. Men ikkje minst har det blitt laga meir spennande byrom og fleire attraktive møteplassar.
Eksempel på synlege resultat
Prosjekta som er gjennomført varierer frå store fysiske utbyggingsprosjekt, via mindre tiltak i byrommet, til planlegging og tilrettelegging for gjennomføring når økonomien tillét det. Eksempel på synlege resultat av prosjektet «Byen som regional motor» (BRM) er
· Kristiansund: Ny skatepark i Vågen, Rådhusplassen, Carolines plass og fargekart for fargesetting av byen
· Molde: Utbygging av sjøfronten, uteområdet/skatepark ved Idrettens Hus
· Ålesund: Ny leikeplass i Byparken og bysyklar
Målet for prosjektet har vore å utvikle Ålesund, Molde og Kristiansund til attraktive, urbane senter i regionane sine, som gir grunnlag for vekst både i byane, omlandet og fylket. I evalueringsrapporten av prosjektet «Byen som regional motor», skrive av Vista Analyse AS, blir det peikt på at byane framleis har ein veg å gå før dei er motorar i regionen. Men byutvikling er eit langsiktig arbeid. Og kanskje er det også som nokre av informantane peikar på i rapporten, at det «kan skuldast mangel på marknadsføring eller synleggjering av dei tiltaka som er gjennomført i nabokommunane».
Unisont ønske om å få fortsette
I evalueringsrapporten av prosjektet «Byen som regional motor» blir det understreka kor viktig det er at prosjektet, der Møre og Romsdal fylkeskommune har bidratt med både kompetanse og pengar, held fram. «(...) det som er spesielt positivt med BRM-midlene er at de er brukt på prosjekter som våre prosjektdeltakere hevder aldri ville blitt realisert uten midler og initiativ fra fylkeskommunen», er eit av hovedfunna i evalueringa.
Det er eit unisont ønske frå deltakarane om at prosjektet «Byen som regional motor» må fortsette. Også det politiske nivået i fylket er positiv til å halde fram. I juni vedtok fylkestinget at «Evalueringa av Byen som regional motor viser at satsinga har vært viktig for byane, og viktig for å bygge dei tre store byane og regionen saman». Politikarane i fylkestinget har bedt fylkeskommunedirektøren komme tilbake til ei vidareføring av Byen som regional motor når han legg fram sitt forslag til økonomiplan for 2022.
Arbeidet dei siste åra med prosjektet «Byen som regional motor» har lagt eit godt grunnlag. For å bygge attraktivitet og konkurransekraft for Møre og Romsdal, er det viktig at den langsiktige jobben med å skape meir attraktive byar fortset. Konkurransen står ikkje mellom by og bygd i Møre og Romsdal, men med storbyane i Noreg og utlandet.
Publisert: 06.09.2021 14:00
Sist oppdatert: 07.09.2021 15:20