Privatoekonomi i utfordrande tider
Synspunkt

Privatøkonomi i utfordrande tider

Konsekvensane av korona-viruset pregar kvardagen vår på ulike måtar. Mange er bekymra for korleis dei komande vekene, månadane og kanskje åra vil påverke privatøkonomien.

Her er nokre enkle grep som får lommeboka i betre humør.
Om ein er bekymra for privatøkonomien sin er det første steget å vere open om det. Snakk om økonomien med kjærasten, sambuaren eller ektefellen. Det kan også løne seg å vere tydeleg ovanfor vennar og familie om økonomien er utfordrande. Å ta ein kritisk gjennomgang av utgiftene og sette opp eit budsjett er ei god øving. Kan du redusere dei faste utgiftene? Har du ting i heimen som fortenar å få nye eigarar? Kan du handle smartare og unngå matsvinn? Involver gjerne dei du bur saman med og gjer det heile om til ei konkurranse. Eg er sikker på at det kan gå sport i å spare.
Også banken din kan hjelpe til.
Mange som har kome i ein usikker økonomisk situasjon tek kontakt med banken. Eg trur likevel det er store mørke tal. Mi oppmoding er å ikkje vere redd for å ta kontakt. Å legge ein plan saman med ein rådgjevar kan vere ei viktig og naudsynt investering for framtida.
For dei med bustadlån utgjer ofte rente og avdrag den største faste utgifta i hushaldninga. Avdragsfritak der ein berre betalar rente ei periode kan utgjer ein stor forskjell for mange. For eit bustadlån på 2 millionar kroner vil avdraget utgjere rundt kroner 5000 ved nedbetaling over 25 år. Dersom du ber om avdragsfritak vil du dermed redusere utgiftene med kroner 5000 i månaden. For mange kan dette vere nok for å kome seg over den verste kneika.
I tillegg vil også lågare rente hjelpe på. Også Lånekassen tilbyr gode kriseløysningar som betalingsutsetting. Mange kan også spare mykje ved å samle både smålån, kredittkortgjeld og forsikringar på ein og same stad. Andre tips kan vere å nytte seg av e-faktura og avtalegiro på faste rekningar, noko som gir deg mindre i gebyr og ein unngår purringar og inkassovarsel.
Det er også viktig å oppdatere skattekortet basert på dei nye rentene på bustadlånet og eventuell reduksjon i inntekt. Å halde skattekortet oppdatert vil hindre deg i å få skattesmell neste år. Dette er berre noko av det ein rådgjevar kan gi deg råd om. Og det er heilt gratis!
Heldigvis er ikkje alle økonomisk ramma av korona-krisa, men avlyste arrangement og reiser bidreg til ufrivillig sparing for oss alle. Det er viktig at ein ser på dette som ei moglegheit. Fyll opp bufferkontoen som du har planlagt lenge, eller fyll opp BSU-en. Kanskje er tida inne for å starte langsiktig sparing som pensjon- eller fondsparing? Vi ser tydeleg i denne krisa at dei som har oppsparte midlar blir mindre råka.
Poenget med dette innlegget er ikkje å skissere ein fasit, men å synleggjere alle dei moglegheitene som finst. Kanskje denne krisa bidreg til at fleire får betre kontroll på privatøkonomien sin? Kanskje kan denne tida føre til mindre matsvinn og at vi får meir fokus på berekraft? Uansett korleis situasjonen vil utvikle seg skal vi saman kome oss gjennom krisa.
Andre Skotheim, leiar for privatmarknaden i SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Publisert: 24.04.2020 14:52

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42