Regjeringa sviktar småbedriftene
Skattenivået blir skrudd opp og opp – og skattane som rammar småbedrifter med aktive eigarar og distrikts-næringslivet hardast, blir auka mest, skriv stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V).
I ei tid der det er viktigare enn nokon gong at «alle skal med», har vi ei regjering som berre vil snakke med dei store og mektige i sin eigen makt-sirkel - og gjer livet stadig vanskelegare for dei som er på utsida.
Særleg går dette ut over småbedriftene og distrikts-Noreg. Over 80% av norske bedrifter – i all hovudsak små og mellomstore - meiner regjeringa fører ein politikk som i svært liten eller liten grad tar omsyn til dei.
Fredag 18/11 inviterte Statsministeren og Finansministeren til «forsoningsmøte» med sjømatnæringa. Regjeringas første instinkt var å invitere dei fem største selskapa i bransjen - ingen andre. Då selskapa ba om at regjeringa i staden møtte organisasjonane som representerer alle selskap i næringa – små og store – vart det latterliggjort av regjeringa. Organisasjonane som representerer alle bedriftene, vart stempla som «lobbyistar» av Finansministeren.
Fredag 11/11 trekte ein av Sunnmøres fremste næringslivs-byggarar, Tore Ulstein, seg frå Næringsministerens prestisjeprosjekt Nasjonalt Eksportråd. «Avstanden mellom regjeringens liv og lære har blitt for stor. (..) Er det slik at norske eiere ikke er ønsket? Det er slik det føles nå» sa Tore Ulstein til Dagens Næringsliv.
Fredag 4/11 rykka arbeidstakarorganisasjonane YS og UNIO ut og slo alarm om at dei blir holdt utanfor av regjeringa. Trepartssamarbeidet knakar i samanføyningane fordi regjeringa stort sett berre vil snakke med LO – dei som finansierer Ap sin valkamp og sit på innsida av Ap sitt sentralstyre. Ap/Sp-regjeringa plasserer i praksis store deler av norsk arbeidsliv på sidelinja, sa YS-sjef Hans-Erik Skjæggerud.
Regjeringa har slept beina etter seg i å hjelpe småbedriftene med høge straumprisar, og har enno ikkje fått gode nok ordningar på plass. Det gjer at mange små bedrifter no går dukken. Skattenivået blir skrudd opp og opp – og skattane som rammar småbedrifter med aktive eigarar og distrikts-næringslivet hardast, blir auka mest. Til og med det vanvittige forslaget om å innføre ein «straffeskatt» på 7 milliardar kroner på bedrifter som tilset folk med høg utdanning (høgare arbeidsgivaravgift på inntekter over 750.000 NOK), ser ut til å skli gjennom.
Ja, vi er no komne så langt at seks av ti bedrifter varslar at dei må kutte i investeringsnivå og aktivitet - i ei tid der nye investeringar og nytt grønt næringsliv er viktigare enn nokonsinne.
Regjeringa har brukt store ord om ein meir «aktiv næringspolitikk». No ser vi kva det betyr i praksis: Det betyr ein aktiv politikk for å bygge ned både breidda i trepartssamarbeidet og av det mangfaldet av små og lokalt eigde bedrifter som til no har vore grunnmuren for det norske samfunnet.
Vel – det kan sikkert bli ein ny batterifabrikk av det. Men det er dramatisk dårleg nytt for det nyskapande, mangfaldige næringslivet som ikkje når opp i kampen om regjeringa sin gunst – dei som i dag slit med høge straumprisar, stadig høgare skattar og ein stadig meir eigenrådig stat.
Venstre meiner det er mangfaldet, skaparkrafta og dei gode ideane som skal bygge det nye Noreg. Ikkje det å ha «mæktige vænna», som LO- og Ap-topp Gerd Liv Valla så treffande har sagt det. Då treng vi ein radikal snuoperasjon av den næringspolitikken Ap og Sp no fører. Og vi treng vi eit sterkare Venstre og ei ny regjering: Ei regjering for dei mange små, ikkje berre for dei store få.
Publisert: 09.12.2022 10:25
Sist oppdatert: 09.12.2022 11:38