Vil ha skattelette for aa bygge reservefond
Synspunkt

Vil ha skattelette for å bygge reservefond

Næringslivet må få skattefrådrag for å sette av pengar til reservefond og investeringar, sleppe formuesskatten og fleire bedrifter bør omfattast av støtteordningane mot koronakrisa, skriv dagleg leiar Knut-Henning Hjellbakk i Stryn Næringshage på vegne av næringshagane, -stiftingane og kommunane i Nordfjord.

I møte med Elisabeth Holvik i Stryn 26. juni d.å. vart vi oppmoda om å sende innspel til arbeidet i korona-utvalet som regjeringa har oppnemt for å få råd om tiltak for å halde næringslivet i gang etter at koronaepidemien kom. (Holvik er sjeføkonom i Sparebank1 og medlem i utvalet, red.merk). Vi ser nokre forhold som vi meiner, ved endring, kunne bidrege til å dempe negative effektar av Covid-19 for norsk næringsliv, samtidig som at det også vil betre næringslivet sine levevilkår i ein meir normal situasjon.

Det er eit faktum at eit selskap døyr av ikkje å ha likviditet til å betale sine løpande forpliktelsar. Det hjelp ikkje med høg eigenkapital og soliditet om det ikkje er likvider i selskapet. Dette har vi sett døme på i samband med Korona-krisa (eit lokalt eksempel er Ricco Vero AS som hadde høg eigenkapital, men mangla likvider).
Det er etter vår meining difor avgjerande at alle tiltak av viktigheit har som mål å betre likviditeten i næringslivet. Dette avheng sjølsagt av at næringslivet set gode mål, strategiar, handlingar og har dei rette menneska, men dette ligg til næringslivet å sikre, det offentlege må fokusere på andre tilhøve.

Reservefond og investeringsfond

For å kunne legge seg opp midlar i gode tider som ein kan bruke i vanskelige tider, meiner vi det ville vore ei god ordning å kunne sette av til reservefond og investeringsfond og at dette kunne gje rett til skattefrådrag. Slike avsetningar kunne gjerast inntil ein viss størrelse som kunne målast opp mot f.eks. omsetning og total balanse – t.d. inntil 10% av total balanse. Bruk av midlane må knytast til betalingsutfordringar og investeringsbehov. Nærare reglar må sjølvsagt utarbeidast.

Formueskatt

Prinsipielt; dette er midlar som allereie er beskatta både av bedrifta og eigar. At ein har store formuesverdiar tilseier ikkje at ein sit på stor kontantbehaldning. Som regel er formuesverdiane bygd opp gjennom fleire år, og ligg ofte i eigedom. Verdien på eigedomane forutset at desse har ein andrehandsverdi. Dette er ofte ikkje tilfelle i distriktet. Stoppar virksomheita i eigedomane opp, så er disse ofte verdilause. Å då få ei slik dobbeltbeskatning på ikkje-marknadsbaserte verdiar, kan ikkje vere rett. Om dagens formuesstystem skal fortsette kan ein her tenke seg anna formuesvurdering av eigedom i distrikta enn i sentrale strøk (distriktsfrådrag).
Eigarar i distriktsselskap arbeider ofte i bedriftene sjølve og er lønsmottakarar. Denne løna er som regel markedstilpassa (ofte lavare løn for leiarar i distriktet enn i sentrale strok). Løna er ofte ikkje tilstrekkeleg til å kunne betale formuesskatt – som ofte kjem opp i fleire hundre tusen kroner per aksjonær. Aksjonæren må då ta ut utbytte som i tillegg beskattast med over 30%. Selskapa har ofte trangt med likviditet, sjølv om det kan ligge store verdiar i driftsmidlane og eigedom. I verste fall har selskapet verken overskudd eller likviditet til å betale ut utbytte til aksjonærane.
Eit eksempel frå vårt område er ei bedrift som har 40% utenlandske eigarar. Aksjonærane må her få midlar fra driftsselskapet i form av utbytte for å kunne betale formuesskatten. Det må årleg takast ut utbytte som både dekker formuesskatten og skatten på utbytte. Dvs. kroner 1 i formuesskatt tilsvarer at ein må ta ut kr 1,4 i utbytte (kr 0,4 for å dekke skatt på utbytte). Eigarane må ta ut ca mnok 1,4 pr år for å dekke formuesskatten. 40% av dette utbyttet går til utanlandske aksjonærar som slepp å betale formuesskatt, så dei får 40% meir utbytte enn dei "burde" hatt. Bedrifta er heile tida i ein utviklingsfase der ein har behov for alle midler i selskapet. Over ti år må dei altså ta ut mnok 14 berre for å dekke formuesskatten til norske aksjonærar, noko som elles kunne vore brukt til å investere, auke konkurransekrafta og skape fleire arbeidsplassar. Årleg kan det virke som mnok 1,4 er lite i formuesskatt for eit slikt selskap, men over tid blir det store beløp.
Den uheldige beskatninga er innlysande her og vi meiner den hemmar bedrifter/eigarar si evne til å kome raskare ut av ei Covid-19-krise og sikre/skape nye arbeidsplassar. Skattegrunnlaget, som baserer seg på verdiar eit år tidlegare, gjer også at bedriftseigarar no må betale formuesskatt for verdiar skapt før corona og som kanskje ikkje er der lenger.
Nokre spørsmål å stille vidare i denne samanheng er:
• Kva reell effekt har ei muleg utsetting av innbetaling av formuesskatt, og kvifor benytter ingen seg av denne?• Effekten av å unnlate og betale formuesskatt på arbeidande kapital vs. «luksuskapital» som store hus/dyre privatbilar mm? • Korleis påverkar betaling av formuesskatt personlege eigarar si evne til å gå inn og styrke eigenkapitalen til bedrifter, som no blir sett under press frå bankane om å styrke eigenkaptitalen før dei evt får innvilga meir lån?• korleis påverkar formuesskatten norske eigarar kontra utanlandske eigarar og på sikt eigarskapet til norske bedrifter? • Kor mykje av formuesskatten kjem som følgje av verdien på næringseigedom?• Kor mykje kapital har evt. «flykta» frå landet som følgje av formuesskatten dei siste åra, og korleis påverker denne kapitalflukten kapitaltilgangen i Noreg? • kan ein tenke at utbytte som takast ut for å betale formueskatt ikkje skal skatteleggast?• Kunne ein køyrd ein pilot på t.d. bedriftene i Nordfjord der ein fekk testa ut ein ny modell med sterkare incentiv for nyskaping?
Reduksjon av formuesskatten må ikkje gå på bekostning av inntektene til kommunane (i dag går mesteparten av formuesskatten til kommunane). Dei kommunar som legg til rette for næringslivet må få behalde meir av dei fremtidige skatteinntektene. På kort sikt må dei kommunar som reduserer formuesskatt, eller gjer andre grep for å stimulere lokalt næringsliv, få kompensert bortfallet. Dette bør særleg gjelde kommunar uten statlege (eller andre offentlige finansierte) arbeidsplassar.

Verdiskaping

By og land er gjensidig avhengige av kvarandre i eit verdiskapingsperspektiv. Vi er avhengige av arbeidsdeling for å vere eit effektivt samfunn som beveger seg mot betre levestandard og er konkurransedyktige internasjonalt. I enkelheit treng fiskeoppdrettaren ved kysten finansmarknaden i storbyen for kapital til å bygge anlegget sitt. Han treng også byråkratar som kan framforhandle handelsavtalar for oppdrettsfisk med andre land og med det skape forutsigbarheit for næringa. Men han treng også gode tenester lokalt slik at det er muleg for medarbeidarane han treng å rekruttere; å få bygd seg hus og la barna gå i barnehage medan dei fangar fisk. For å ikkje tape i konkurransen internasjonalt med altfor dyr fisk, treng han også effektiv distribusjon og ikkje stengde fjellovergangar pga. ras/-fare mm.
Verdikjeden er lett å sjå, men modellen for verdiskaping som vert nytta av staten som grunnlag for utrekning av overføringar til fylker og kommunar, investeringar og dimensjoneringar (infrastruktur, tenester) i både by og rurale område, meiner vi slår skeivt ut for distrikts-Noreg. Eit døme er løn. Denne er med i verdiskapingsmodellen og det er kjent at lønsnivået i byane er høgare enn i distrikta. Er storbyen meir verdiskapande om vi doblar løna til innbyggjarane der? Omsetnaden av ei leilegheit på Frogner kan auke verdiskapinga i Oslo meir enn salet av ein stor gard på bygda. De ser kor vi vil. Forskjellane er der og det er ikkje det vi vil angripe, men vi vil peike på at modell for utrekning av verdiskaping må vurderast, då det heilt klart medfører feil grunnlag for avgjersler.
I makroøkonomien seier ein at reell verdiskaping i eit samfunn er det ein klarer å eksportere av varer og tenester og som gjev inntekter utanfrå til samfunnet. Skulle ein legge meir vekt på dette i verdiskapingsvurderinga? Ein blir ikkje rikare av å klippe håret til kvarandre.

Kapitalmarknaden – ei tilbakemelding

Bankane melder at bildet er todelt. Industri og andre som i mindre grad er råka av Covid-19, har kapitaltilgong som i ein normalsituasjon.
Utlånsveksten har til no vore høg. Bedrifter råka av pandemien og som ikkje kvalifiserer til lånegarantiordninga eller kontantstøtteordninga, som følge av dårlege rekneskap i 2019, er det verre for. Bankane har noko ulik praksis mht. å tolke regelverket for statsgarantert lån. Bedrifter med låg eigenkapital og svake kontantstraumar, har også vanskar med å få lån, men det er ikkje veldig ulikt normalsituasjon.
Ein ventar at det vil kome fleire konkursar utover hausten og vinteren, og at tapa vil auke dei komande kvartala. Såleis ventast det innstramming og reduksjon av utlånsveksten framover. Bankane meiner at myndigheitene må vere meir fleksible i handsaminga av bedrifter med «livets rett» men som fell utanfor lånegarantiordninga. Det kan t.d. vere ei ekstraordinær avskriving i 2019, og som kan verte ei enda større utfordring i 2020, som medfører at bedrifta ikkje er i posisjon til ordninga og ved ei anke burde bankar og revisorar vore nytta til å stadfeste forholdet.
Det peikast også på det uheldige utslaget av kompensasjonsordninga der t.d. eit hotell som har skilt ut eigedomsmassa i eit eige selskap får betre uttelling enn eit som ikkje har gjort det, ref. faste husleigekostnader, mv. Dei melder samstundes om at ei utviding av kompensasjonsordninga er betre og meir effektivt enn å finne på nye ordningar, og ei særordning for sesongbedrifter som er spesielt retta mot utanlandsk marknad (ofte cruise-relatert her) hadde vore ønskeleg.
Det bør i tillegg utgreiast om det kan etablerast statlege låneordningar som kan gje bedriftene anledning til å få ansvarlege lån (rente- og avdragsfrie) og som knytast opp mot bransjar og kapitalforhold, og som skal avdragast og forrentast forutsatt at selskapet har midlar til det (måling om ein t.d. har midlar over ein 5-års periode etter visse kriterier (f.eks. likviditetssituasjon). Alternativt kan det konverterast til eigenkapital.

Kommunale og fylkeskommunale næringsfond

Vi ser det som viktig at staten gir kommunar og fylkeskommunar midlar/verktøy til å lokalt dempe negative effekter av Covid-19. Dette kunne vere piloter knytta til interkommunale samarbeid for sikre kapitaltilgang til bedrifter og utvikle incentivdrivne modellar. Eit anna døme kan vere nye pakker med f.eks. ansvarlege lån eller eignekapitalinstrument frå staten som kan forvaltast av kommunar eller eksisterande kapitalmiljø (lavterskel, retta mot SMB).
Det er elles svært viktig at dei som skal hjelpe kriseråka bedrifter ikkje går tom for ressursar sjølve i ei tid det er vanskeleg å ta seg betalt.
Virkemiddelapparatet ute i kommunane må såleis sikrast nok overføringar og det visast som døme til at omlag halvparten av næringshagane i Siva-strukturen meldte før ferien om at dei ville gå tomme for likvidar ila. oktober. 80 millionar kroner har Siva bedt om som tilleggsløyving.

Samferdsle

Vi ønskjer eit krafttak mot rasfarlege vegstrekningar/fjellovergangar og fergefrie riksvegar.
Eit Noreg i lavkonjunktur er tidspunktet å bygge veg på utan frykt for at inflasjonen går i taket med det fyrste. Vidare bør det kome konkrete midlar frå myndigheitene som mogleggjer hurtigare utbygging av breibandinfrastuktur og ladenettverk.
Å auke planmidlar som gir kommunane moglegheit for å gire opp sine planprosessar, gjerne spesifikt inn mot «grøne satsingar», kan bidra til raskare framvekst av nye næringar og at vi som samfunn tar eit stort steg i retning av eit meir bærekraftig samfunn etter krisa.
Avslutning Som nemt i vårt møte så inviterer vi herved utvalet, eller delar av utvalet, til ei samling i Nordfjord, der vi får meir tid og anledning til å diskutere naudsynte tiltak og handlingar. Kom gjerne med eit tidspunkt om når dette kunne passe for dykk.
Med helsing frå Nordfjord: − Stad kommune − Stad Vekst − Kinn kommune − Gloppen kommune − Gloppen Næringsorganisasjon − Næringshagane i Nordfjord − Stryn kommune − Stryn Næringssamskipnad − Stryn Næringshage

Publisert: 19.08.2020 15:20

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42