Småkraftverk
DØDVEKTSTAP: Dagens skattesystem og botnfrådraget på grunnrenteskatt for kraftproduksjon gjer det lønsamt å ikke bruke tilgjengelege ressursar fullt ut. Frå toppen: Eidsdal kraftverk, Kandal krafverk. Foto Scanpix/Wikimedia Commons/Peyton Man
Analyser

Storstilt sløsing i småkraftnæringa

I eit samfunn med stadig aukande behov for straum, fører dagens skatteregime til bevisst underproduksjon i den norske småkraftnæringa.

Linn Antonie Vårdal Solheim
06.08.2023
ANALYSE

Oljenasjonen Noreg er heldig som har vasskrafta å lene oss på. Vi likar å tru at vi er miljøvenlege, men i realiteten er vi truleg langt mindre grøne enn vi innbiller oss.

I dag hadde det ikkje vore realistisk å bygge ut vasskraft i same skala som ein gjorde på 60-talet. Dei fleste kan nok vere samde i at utbygginga av vassdraga ikkje kan omtalast utelukkande som ei solskinnshistorie. Uerstatteleg natur blei rasert, store landområde ekspropriert og det var høglytte protestar over heile fjøla.

Det næraste samanlikningsgrunnlaget vi har i dag er truleg utbygginga av vindkraft. Få ting har mobilisert like mykje som motstandsrørsla mot vindmøller på land.

Ifølgje NVE produserer det utbygde vasskraftsystemet i Noreg 136,9 TWh straum i året per 31.03.2023. Av dette stod småkraftverka for 11,8 TWh, og utgjer årsforbruket av straum til meir enn 450.000 husstandar.

Småkraftforeninga hevdar at det i dag er meir enn 7000 grunneigarar rundt om kring i landet som nyttar fallretten på eigedomane sine til å produsere straum i eit småkraftverk.

Skattesystemet i dag er lagt opp slik at vasskraftverk med produksjonskapasitet mindre enn 10 megawatt (MW) berre blir pålagt å betale den vanlege selskapsskatten, og får i teorien berre ein skattebyrde på 22 prosent. Med ein gong kraftverka produserer meir enn 10 MW blir dei pålagt å betale grunnrenteskatt - og då auker skattebelastninga betydeleg.

Fakta om småkraftnæringa:

Grunnrenteskatt på kraftproduksjon har eit botnfrådrag på produksjon inntil 10 MW, og betaler berre vanleg selskapsskatt på 22 prosent.

Produserer derimot anlegget meir enn 10 MW, er dei pliktige til å betale grunnrenteskatt på toppen av selskapsskatten som betaling for at kraftverket får dra nytte av dei ressursane dei låner av fellesskapet.

Mikrokraftverk
Under 100 kW (0,09 MW)

Minikraftverk
100 kW - 999 kW (0,1 - 0,99 MW)

Småkraftverk
1000 kW - 9999 kW (1 - 9,9 MW)

Nokre kraftverk under 1 MW er ikkje konsesjonspliktige. Det er då opptil kommunane å behandle søknad om utbygging. Er det derimot eit konsesjonspliktig anlegg, er det NVE som er ansvarlege for å følgje opp.

Kjelde: NVE

Ved mange av dagens eksisterande småkraftverk er det derfor gjort justeringar på generatoranlegga for å avgrense maksimal produksjonskapasitet, for å tilpasse seg botnfradrag i grunnrenteskatt.

Det er utelukkande snakk om ei økonomisk avgrensing. Fordi det ikkje løner seg å utnytte kapasiteten fullt ut, så gjer ikkje ein det. Nasjonalt går vi glipp av store mengder elektrisitet kvart einaste år som ein direkte konsekvens av underproduksjon på eksisterande småkraftverk.

Det er bokstaveleg talt snakk om å kaste vekk klimanøytral straum i eit samfunn som er på desperat jakt etter måtar å redusere Co2-utslepp på.

Vi bruker stadig meir straum, og med all elektrifiseringa som føregår om dagen ser det ikkje akkurat ut til at utviklinga vil snu med det første.

Dei neste åra vil vi for alvor sjå endringar i måten vi tenker energi, og at behovet for berekraftige straumkjelder melder seg i enda større grad enn vi klarer å sjå føre oss i dag.

I 2022, samstundes som regjeringa innførte lakseskatten, skjerpa dei skattesatsen for kraftproduksjon. Den effektive skattesatsen auka då til 59 prosent for kraftverka, og det er mindre lukrativt å auke produksjonen til full kapasitet enn nokon gong.

Fakta er at jorda blir stadig varmare, og vi som verdssamfunn er nøydde til å kutte utsleppa våre for å unngå dei aller verste konsekvensane av klimaendrinane.

Ei av dei største hindringane er at det krev store investeringar, og øydelegg sårbare naturområde.

Å endre skattelegginga er ikkje eine og åleine løysinga på straumutfordringane vi står ovanfor, langt derifrå. Men, det er eit steg i riktig retning som både kan og vil ha ein målbar, positiv effekt på klimarekneskapen vår - utan at det krev nye naturinngrep eller investeringar.

Det er ei problemstilling som ved fleire høve har blitt diskutert av dei folkevalde i landet vårt, utan at det skjer noko. Tidlegare i år foreslo, og skrinla, Skatteutvalget eit forslag om å redusere botnfrådraget for grunnrenteskatt for kraftproduksjon frå 10 til 1,5 MW.

Trass høglytte protestar frå næringa og falleigarane er dette ei betre løysing enn dagens system. Den potensielle oppsida for samfunnet større enn gevinsttapet i form av auka skattebelastning, og frå eit samfunnsøkonomisk synspunkt er dette ei marknadstilpasning som i mindre grad insentiverer til kutt i produksjon.

Det vil framleis løne seg å produsere straum med ei slik løysing, men marginane synk, og det vil ikkje vere like lukrativt.

Eller, så kan ein gå for ein variant der med progressiv auke i skattesats - litt som vi har på inntekt og pensjon, til dømes. Der skattar ein meir dess meir ein tener, og det skal i teorien støtte opp under berekraftig auke auke i produksjon.

Ei anna løysing kan vere å setje botnfrådraget høgare enn 10 MW, for å fange opp delar av den overskytande kapasiteten. Ei slik løysing vil i tillegg kunne skape større interesse for å bygge ut nye anlegg, og på den måten auke den totale produksjonskapasiteten.

Moglegheitene er mange, og nøyaktig korleis ein bør endre skattesystemet har eg ikkje nokon fasit på.

Ein ting er derimot sikkert. Når infrastrukturen og kapasiteten først er der, så er det ikkje noko anna enn råflott sløseri å la ressursane gå til spille på den måten det gjer i dag, og alternativet er at det fyrast opp i tyske kolkraftverk.

Det er akkurat det som skjer med dagens skatteregime.

Publisert: 06.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 07.08.2023 08:01

Mer om