Kort fortalt

24 av 29 ville gå vidare med Sulagondol

Kommunestyret godkjente områdeplan.

09.02.2022

Med 24 mot 5 stemmer gjekk kommunestyret i Sula onsdag kveld inn for å godkjenne planprogrammet for ein områdeplan for Sulafjellet, ifølgje Sunnmørsposten.

Forslaget til planutvalet var å dele opp gondolsaka i to, med ein områdeplan først og påfølgjande detaljregulering. Dette blei nedstemt til fordel for eit fellesforslag frå Frp, Høgre og Sulalista, som droppar todelinga.

Sjå sending frå møtet på Facebook-sida til Sula kommune under:

Det betyr at saksbehandlinga vil gå raskare, men at politikarane ikkje har sagt ja til gondol før dei seinare tek stilling til reguleringa.

– No kastar vi ballen over til Flakk Gruppen. Sett i gang. Lag planen. Men bli einige med dei som vert berørt og meiner dei vert køyrt over av prosessen, seier Øystein Båtnes (Frp) til avisa.

Kostnaden på reiselivsprosjektet vil truleg ligge på kring 450 millionar kroner. Til samanlikninga kosta det drygt 300 millionar kroner å bygge Loen
Skylift i Stryn som opna for fem år sidan.

Publisert: 09.02.2022 23:04

Sist oppdatert: 10.02.2022 01:06

Mer om