Kort fortalt

Auka medie-profitt under korona

Inntektene fall, men lønsemda steig.

01.07.2021

NPK-NTB: Norske medium opplevde eit betydeleg inntektsfall i 2020. Samtidig betra media lønnsemda gjennom fjoråret, det viser ein analyse frå Medietilsynet.

– Annonsefallet har vore betydeleg, men kostnadsreduksjonar reddar resultata for mange, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Analysen frå Medietilsynet viser at både aviser, radio- og TV-kanalar hadde lågare annonseinntekter i 2020 enn i 2019. Avisene hadde ein nedgang på 13 prosent, noko som svarer til 554 millionar kroner.

For kringkastarane fall  reklameinntektene med 7,7 prosent i same periode. Lokalavisene tapte mest, med ein nedgang på 19 prosent samanlikna med 2019.

Nasjonale laussalsaviser, der aviser som VG og Dagbladet inngår, var den einaste gruppa som auka annonseinntektene i fjor. Dei hadde ein vekst på nesten 12 prosent.

Når det gjeld driftsinntektene til media hadde lokalavisene størst nedgang i fjor, med eit fall på 5 prosent frå året før. Samtidig hadde desse avisene størst oppgang i lønnsemd. Resultatet auka med nesten 22 prosent frå året før.

– Mange aviser reduserte kostnadene betydeleg då pandemien kom for å demme opp for forventa inntektsfall. Når reduksjonen ikkje vart så stor som frykta, betrar kostnadskutta driftsresultatet, seier Velsand.

Samla reduserte avisene talet på årsverk med cirka 2 prosent i 2020.

Publisert: 01.07.2021 14:47

Sist oppdatert: 01.07.2021 14:49