For få veker sidan blei den tidlegare eigaren av Kleven-verftet, Tomislav Debeljak, dømt til å betale opptil 120 millionar kroner i erstatning etter fleire konkursar i 2020.
Også forsikringsselskapet Tryg vart dømt til å betale 30 millionar i erstatning «in solidum» - som betyr at dei står solidarisk ansvarleg for beløpet saman med Debeljak.
No har både den kroatiske forretningsmannen og forsikringsselskapet som hadde styreforsikring for Debeljak, anka saka til Gulating lagmannsrett.
Det opplyser bustyrar Bjørn Åge Hamre til Nett No.
Ankar den forsikringsrettslege delen
Advokat Harald Olsvik i forsikringsselskapet Tryg stadfestar at det er anka frå deira side.
– Det gjeld den forsikringsrettslege delen av saka, seier han til Nett No, men avslår å utdjupe vidare korleis dei ser på dommen frå Gulating lagmannsrett.
Deolitte-advokat Daniel Herde som representerer Debeljak, opplyser til Nett No at han ikkje kan uttale seg i saka. Debeljak sjølv svara ikkje på spørsmål frå Nett No onsdag.
Moglegheita til å få saka inn for høgsterett er avgrensa, og mellom anna kan ikkje bevisvurderinga overprøvast.
Om dommen blir ståande, er det mogleg at fleire lokale selskap som tapte pengar i konkursane får noko tilbake.
Meiner Debeljak oppførte seg aktlaust
Tomislav Debeljak og kroatiske Div Group kom inn som eigarar av Kleven-verftet våren 2020. I løpet av få månader gjekk tre konkurs og over 400 verftsarbeidarar utan jobb.
I etterkant gjekk konkursbuet til søksmål mot Debeljak, som dei meinte var personleg ansvarleg for tapa.
Etter å ha blitt frifunne i tingretten, gjekk den tidlegare verftseigaren på eit sviande nederlag i lagmannsretten.
Ifølge dommen derifrå oppførte Debeljak seg aktlaust i strid med i aksjelova om styreansvar og han tok kontroll over selskapsdrifta på ein måte som braut med god selskapsstyring.
Dei meiner difor at Debeljak er erstatningspliktig – slik konkursbuet hevda i retten.
Den tidlegare verftseigaren ga etter dommen uttrykk for at han «vart overraska og skuffa» over avgjerda.
- NETT NO gjer merksam på at Green Yard Kleven ikkje har noko med søksmålet å gjere, som omhandlar det tidlegare verftsselskapet på Kleven.
Publisert: 26.03.2025 10:58
Sist oppdatert: 26.03.2025 14:46






