Kort fortalt

Chramer skal leie Eksportstrategirådet

NHO-direktør blir mellombels første leiar i Eksportstrategirådet

28.09.2021

Christian Chramer blir frå 1. oktober mellombels leiar for eit nyoppretta statleg eksportstrategiråd i Ålesund. Han vil fungere i stillinga ut året.

Chramer er til dagleg områdedirektør i NHO med ansvar for medlem og region.

– Vi håpar og trur mange vil søkje på jobben, og er samtidig veldig glad for at Christian kan kaste seg rundt og dra det administrative arbeidet i gang, seier styreleiar Arvid Moss i Eksportstrategirådet.

Kontoret, som vart vedteke oppretta i vår, skal ha rundt 10–15 tilsette. Eksportstrategirådet skal jobbe tett med næringslivet for å prioritere nokre satsingsområde for norsk eksport basert på marknadspotensial og norske fortrinn, opplyser Eksportstrategirådet.

Publisert: 28.09.2021 14:40

Sist oppdatert: 28.09.2021 14:41