Kort fortalt

Flest nye elbilar i Hareid

Det viser nybilsalet i 2020.

29.03.2021

78 prosent av alle nye bilar i Hareid i 2020 var elbilar. Det viser ein fersk statistikk frå Statistisk Sentralbyrå.

I Giske var 76 prosent av alle nye bilar elbilar.

Bak Hareid og Giske kjem Sande med 68 prosent, Gloppen med 66 prosent og Fjord og Ulstein med 65 prosent.

I Ålesund var 60 prosent av alle nyregistrerte bilar elbilar.

Færrast andel nye elbilar hadde Stad med 42 prosent, føre Stryn med 43 prosent og Vanylven og Sykkylven med 44 prosent.

Statistisk Sentralbyrå opplyser at antal elbilar på landsplan auka i 2020 med 30 prosent frå 261.000 til 340.000, og utgjorde totalt 12 prosent av personbilparken.

Hybridbilar auka på sin side med 20 prosent, og stod for 10 prosent av personbilparken.

Andelen bensinbilar gjekk ned med 8 prosent, til totalt 950.000, medan andelen dieselbilar vart redusert med 3 prosent til 1,2 millionar.

Publisert: 29.03.2021 07:46

Sist oppdatert: 29.03.2021 07:51