Kort fortalt

Færre får betalingsmerknader

Betalar ned gjeld i koronatida.

06.07.2021

NPK-NTB: Så langt i år har færre fått betalingsmerknader enn på same tid i fjor. Tendensen har vore positiv den første halvdelen av 2021.

Inntrykket er at mange nordmenn har brukt koronatida til å betale ned gjeld og generelt fått eit betre grep om økonomien, ifølgje kredittopplysningsselskapet Creditsafe.

Tala viser likevel at dei som hadde det vanskeleg før pandemiutbrotet, har det endå tøffare i dag. Sjølv om færre personar har betalingsmerknader, har dei som har slike merknader, i snitt fleire saker knytt til seg.

Det er menn som dominerer listene over dårlege betalarar. På landsbasis har berre 3,9 prosent av kvinnene betalingsmerknader, medan talet for menn er 6,7 prosent. Menn i aldersgruppa 24–48 år toppar listene, følgd av menn i aldersgruppa 49–66 år.

Creditsafe registrerer betalingsmerknader som er rapporterte frå mellom anna inkassobyrå, Namsfuten, Lausøyreregisteret og Eigedomsregisteret.

Publisert: 06.07.2021 11:09

Sist oppdatert: 06.07.2021 11:11