Kort fortalt

Færre gjer frivillig arbeid

Korona får mykje av skulda.

25.06.2021

55 prosent av nordmenn har utført frivillig arbeid dei siste tolv månadene, noko som er klart færre enn tidlegare. Koronapandemien får skulda.

Tala gjeld frå mai 2020 til mai 2021. Året før var delen 66 prosent, viser tal frå Frivillighet Norge.

Fire av ti seier koronasituasjonen har hindra dei i å gjere frivillig arbeid.

Frivillighet Norge ber mellom anna om at ordningane med koronastøtte må vare ut året.

– Sjølv om smittetala går ned, vil det frivillige arbeidet vere sterkt påverka av koronapandemien i lang tid. Organisasjonane har tapt inntekter, medlemmer og frivillige. Det kan vi ikkje vaksinere oss bort frå, seier generalsekretær Stian Slotterøy Johnsen.

Publisert: 25.06.2021 14:10

Sist oppdatert: 25.06.2021 14:11