Kort fortalt

Færre lærlingar permitterte

Under 200 er no permitterte.

22.06.2021

For eit år sidan var kvar tiande lærling permittert, og på det meste var 4.400 lærlingar permitterte på grunn av koronapandemien. No er talet under 200.

– Mange verksemder har hatt utfordringar som følgje av koronapandemien, men det har variert kor mykje lærlingane og lærekandidatane har vore ramma. Nokre har opplevd få endringar, medan andre har måtta tilpasse seg endringar i arbeidskvardagen eller vorte permitterte, seier avdelingsdirektør Irene Hilleren i Utdanningsdirektoratet.

Det var lærlingar i restaurant- og matfag som vart hardast ramma av permisjonar. I eit notat der Utdanningsdirektoratet har oppsummert følgjene av koronapandemien for fagopplæringa, kjem det òg fram at det har vorte færre nye lærlingar enn tidlegare år, men at interessa for læreplass framleis er stor.

Strenge smitteverntiltak gjorde det vanskeleg å få gjennomført fag- og sveineprøvar våren 2020

Publisert: 22.06.2021 19:34

Sist oppdatert: 22.06.2021 19:35