Saka om korleis kommunestyret i Sula stiller seg til planane om ein gondol til Sulafjellet, startar torsdag klokka 18.
Det opplyste ordførar Jim Arve Røssevoll ved innleiinga av møtet onsdag.
- Via heimesidene, eller Facebook-sida til kommunen, er det mogleg å følgje debatten i kommunestyret direkte
Saka gjeld om politikarane skal seie ja, eller nei til å starte områderegulering, og det har kome ein rekke nye innspel sidan sist.
I førre runde sa politikarane sa ja til regulering, men nei til gondol-traseen Flakk Gruppen har jobba med. Difor er har utbyggjarane lagt eit nytt forslag på bordet.
Detaljar om korleis gondolen kan bli bygd, blir utgreia seinare, og må i tilfelle opp til ny politisk behandling.
Sjå sakspapira (ekstern lenke) og les meir om saka under:
Publisert: 05.05.2021 17:45
Sist oppdatert: 06.05.2021 11:23