Eit lasteskip har gått på grunn ved Ellingsøyfjorden utanfor Ålesund. Det er ikkje meldt om personskadar.
Skipet har gått på grunn ved Ellingsøyfjorden ved Lerstad utanfor Ålesund, opplyser politiet.
Ifølgje politiet er det ikkje meldt om personskadar, og det er ikkje kjent om det er materielle skadar på skipet.
Ved 13.30-tida var nødetatane på veg til staden. Hovudredningssentralen skal koordinere redningsaksjonen.
Det er det Tromsø-registrerte lasteskipet Holmfoss som har gått på grunn ved Lerstad.
Det Myklebust Verft-bygde skipet er eit kombinert fryse- og kontainerskip, og er ein del av islandske Eimskip.
Publisert: 17.06.2021 14:16
Sist oppdatert: 17.06.2021 14:30





