Kort fortalt

Grønt lys for Breidablikk

Kan utvinne olje til 2044.

30.06.2021

NPK-NTB: Olje- og energidepartementet godkjende tysdag utbyggingsplanen for Breidablikk-feltet i Nordsjøen. Feltet skal levere olje fram til 2044.

Det er anslått at det er mogleg å vinne ut 180 millionar fat olje frå feltet, som skal vere klart til start i 2024.

Feltet ligg omtrent 185 kilometer vest for Stavanger. Skal feltet gå i pluss, må oljeprisen minst vere på 31,7 dollar, skriv E24.

Prosjektet består av eit omfattande undervassanlegg som skal knytast til Grane-plattforma, som snart har produsert i 20 år.

Dei som har rettane, er Equinor (operatør), Petoro, Vår Energi og ConocoPhillips Skandinavia. Equinor opplyser i ei pressemelding at rundt 70 prosent av kontraktane vil gå til leverandørar i Noreg.

Publisert: 30.06.2021 06:50

Sist oppdatert: 30.06.2021 06:53