Hofseth sparer mykje på flytting
Slepp å ta ut tresifra millionbeløp frå selskapet.
Hofseth International vil spare store summar ved at Roger Hofseth flytter frå Ålesund til Sande, ifølgje Sunnmørsposten.
Ei utrekning viser at Hofseth kan ta ut kring 125 millionar mindre frå konsernet i fireårsperioden frå 2023 til 2026, fordi Sande har lågare formuesskatt enn Ålesund.
Innsparingane gjeld det totale beløpet Hofseth må ta ut av selskapet for å betale formuesskatt og utbytteskatt.
Roger Hofseth fortalde om flytteplanane til NETT NO i vinter, og no er han på utkikk etter hus, ifølgje avisa.
Frå før er det kjent at Sølvtrans-gründer Roger Halsebakk har flytta til Sande. Også Fine Fish-eigar Gjermund Bringsvor med ektefelle har snakka offentleg om flytteplanar.
Publisert: 23.04.2023 17:42
Sist oppdatert: 23.04.2023 17:45