Roger Halsebakk Sandsøya foto Kjetil Haanes 11
SANDSØYA: Her er Roger Halsebakk på heimebane på Sandsøya, der han no bur etter nær 35 år i Ålesund. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Flyttar heim til Sandsøya

Sølvtrans-gründeren meiner kommunen sitt grep med lågare formuesskatt er ein genistrek.

03.01.2023

Roger Halsebakk og kona Anita melde før jul flytting frå Ålesund til Sandsøya i heimkommunen Sande, ifølgje Vestlandsnytt.

Sandssokningen har gjennom ei årrekke bygd opp ei betydeleg forretningsverksemd, mellom anna med brønnbåtreiarlaget Sølvtrans og investeringsselskap.

Halsebakk legg ikkje skjul på at lågare formuesskatt – som Sande kommune nyleg vedtok – er ein av grunnane til at han flytta.

- Eg meiner dette er ein genistrek av kommunen, og vil nytte høvet til å rose kommunedirektøren, ordføraren og Høgre for jobben som ligg til grunn for vedtaket om å setje ned formuesskatten, seier han til avisa.

Førebels bur paret i ei av leilegheitene som er bygd i samband med Rosenlund-satsinga på Sandsøya. No vil både dei og fleire i familien bygge og bu på øya – som Halsebakk også ønsker å vere med å utvikle vidare.

Brønnbåtreiaren trur fleire vil finne Sande meir attraktivt etter skattegrepet, og viser mellom anna til at det er eit generasjonsskifte på gong i delar av oppdrettsbransjen.

Podium

E19/S3 Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?

Publisert: 03.01.2023 19:29

Sist oppdatert: 03.01.2023 19:47

Mer om