Kort fortalt

Jobbar for mindre forsøpling av havet

Fiskarar og forskarar med same mål.

11.10.2024

(NPK-NTB): Med prosjektet Dsolve samarbeider fiskeorganisasjonar og forskarar om å utvikle nedbrytbare fiskereiskapar for å redusere spøkelsesfiske og marin forsøpling.

– Målet er å utvikle nytt materiale, basert på biologisk nedbrytbare råvarer, som skal avgrense tida det tek å bryte ned reiskapar som går tapt. Forhåpentleg frå hundrevis av år til kanskje mindre enn ti år, seier professor Roger B. Larsen ved Universitetet i Tromsø.

Han leier arbeidet i Dsolve. Med seg i prosjektet har han Fiskeridirektoratet, Sintef Ocean, Norges fiskarlag og Norsus AS.

Maritim forsøpling er menneskeskapt avfall som ikkje forsvinn, men blir verande i store mengder i havet. Spøkelsesfiske er når fiskereiskapar blir ståande på havbotnen, bidreg til forsøpling og resulterer i skjult dødelegheit av fisk og skaldyr fordi reiskapane «fortset å fiske».

Fiskeridirektoratet har rydda havbotnen i over 40 år. Før var det stort sett spøkelsesfiske dei jobba mot, medan dei siste ti åra har marin forsøpling også vorte ein stadig viktigare del av arbeidet.

(©NPK)

Publisert: 11.10.2024 09:19

Sist oppdatert: 11.10.2024 09:19

Mer om