Kort fortalt

Kan røyste frå torsdag

Tidleg oppstart av førehandsrøysting.

30.06.2021

Stortingsvalet i haust er like rundt hjørnet. Allereie frå torsdag 1. juli er det mogleg å stemme på førehand.

Samtidig er det innført krav om smittevern og avstand.

− Det er viktig for demokratiet vårt at vi gjennomfører valet på ein trygg og god måte, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Det vil vere mogleg å røyste på førehand frå torsdag 1. juli til og med 9. august. Det er eit alternativ for dei som ikkje har moglegheit til å stemme på valdagen eller i den ordinære førehandsstemmeperioden, som startar 10. august.

Treng ein å nytte seg av moglegheita til å røyste på førehand, må ein vende seg til kommunen sin og avtale tid, opplyser regjeringa.

− Både nasjonale og lokale styresmakter har førebudd seg godt til årets val, så alt ligg til rette for ei trygg gjennomføring. Summen av tiltaka vi har sett i verk og jobben kommunane har lagt ned, gjer at veljarane kan vere sikre på at det er trygt å stemme, seier Astrup.

Valdagen er 13. september.

Publisert: 30.06.2021 14:35

Sist oppdatert: 30.06.2021 14:36