Kort fortalt

Knallår for norske medier i fjor

29.11.2022

(NPK-NTB): Norske medieselskap drog inn 2,2 milliardar kroner i auka inntekter i fjor. Avisene hadde eitt av sine beste år på det siste tiåret.

Samla auka inntektene med 8,6 prosent frå året i førevegen. 2021 vart dermed eit rekordår for media, viser ein rapport frå Medietilsynet. Men no ligg det an til tøffare tider.

– Utviklinga tyder på at 2022 blir eit svakare år, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Reklamekronene kom tilbake
Etter å ha slite i ein krevjande periode det første pandemi-året, klarte media å hente inn mykje av det tapte. Inntektene var faktisk 1,1 milliardar kroner høgare enn i 2019, året før pandemien braut ut.

– For avisene vart fjoråret eitt av dei mest lønnsame det siste tiåret. Dette kom av auka inntekter, både frå abonnement og laussal, og ein kontrollert kostnadsvekst, seier Velsand.

Også kommersiell radio og TV tente meir og styrkte lønnsemda.

Den totale omsetninga til media var på 28 milliardar kroner i fjor, opp frå knapt 26 milliardar året før. Til saman kom driftsresultatet på 1,8 milliardar kroner, ein auke på 14,6 prosent.

Brukarinntekter viktigare for TV
Etter at annonseinntektene til avisene hadde falle jamt og trutt i fem år, gjekk det oppover igjen i 2021. Auken i annonseinntekter var på nesten 15 prosent. Sist inntektene til avisene auka like raskt, var før finanskrisa i 2008.

Både TV og radio hadde høgare reklameinntekter i fjor enn året før – ein auke på høvesvis 6 og 20 prosent. Ei viktig årsak var at selskapa klarte å hente tilbake inntekter etter pandemien, ifølgje rapporten.

Samtidig blir brukarinntektene stadig viktigare for økonomien til dei kommersielle TV-selskapa. No står dette for rundt 60 prosent av driftsinntektene.

Trur reklamemarknaden vil falle
Men dei gode tidene er i ferd med å snu. Krigen i Ukraina, høge rekordhøge energi- og papirprisar og problem i den globale varelogistikken speler inn også for mediebransjen. Økonomien i media blir dessutan påverka av prisstigning og renteheving her heime. Bransjen sjølv har varsla at dei går krevjande tider i møte.

– Det gjeld kanskje særleg medium som i hovudsak blir finansierte av reklameinntekter. Fordi reklameinntektene er konjunktursensitive, er det ein stor risiko for at den norske reklamemarknaden fell i tida som kjem, seier Velsand.

– Over 9 milliardar kroner til Facebook og Google

Totalt vart det brukt nesten 15,6 milliardar kroner på annonsering på internett i fjor. Av dette gjekk om lag 2,4 milliardar kroner til avisene.

Mediebedriftenes Landsforening (MBL) reknar med at Facebook og Google henta 9,1 milliardar kroner frå den norske reklamemarknaden i 2021. Det er 2 milliardar kroner meir enn MBLs anslag for 2020.

(©NPK)

Publisert: 29.11.2022 08:19

Sist oppdatert: 29.11.2022 08:21

Mer om