Så langt i 2021 har Arbeidstilsynet stansa arbeidet ved 28 byggjeplassar på grunn av smittevernbrot. I februar vedtok stans ved 16 bygg- og anleggsverksemder.
Årsaka til 24 av dei 28 vedtaka om stans var brot på innkvarteringsreglane, skriv VG.
Berre i februar gjorde Arbeidstilsynet 16 vedtak om stans av bygg- og anleggsverksemder. Av desse hadde 14 brote innkvarteringsreglane.
– Alle brot på smittevernreglane er alvorlege, fordi smitten kan spreie seg så raskt. Vi er svært bekymra for dei alvorlege brota vi ser hos ein del verksemder, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.
– Det er stor arbeidsinnvandring til denne bransjen. Ei anna årsak kan vere at det er stor mobilitet på byggjeplassane og i innkvarteringa i denne bransjen. Når eit byggjeprosjekt blir avslutta, startar arbeidet på nye byggjeplassar. Dermed er det meir bruk av mellombels innkvartering i bygg og anlegg enn i bransjar med meir stasjonære arbeidsplassar, seier Vollheim.
(©NPK)
Publisert: 01.03.2021 19:26
Sist oppdatert: 01.03.2021 19:28





