Kort fortalt

Krev løysepengar frå bibliotek

Bibliotek over heile landet utsette for dataangrep.

23.06.2021

Datasystema til bibliotek over heile landet har lege nede sidan tysdag kveld etter eit dataangrep. Hackarar krev løysepengar for å opne dataa.

Om lag halvparten av biblioteka i landet er utsette for angrepet. Det er Axiell Noreg AS som leverer datatenestene til biblioteka, skriv Romsdals Budstikke. Selskapet lever datasystema òg til bibliotek i Sverige og Finland.

– Det er eit krypteringsverktøy som har kryptert dataa våre, og det har komme krav om løysepengar. Det kjem sjølvsagt ikkje på tale å etterkomme kravet, seier administrerande direktør Kjetil Hillestad i Axiell Noreg AS til avisa.

Selskapet har meldt angrepet til politiet i Noreg, Sverige og Finland.

– For å avgrense skadane, samarbeider vi med eit internasjonalt selskap som er vande til å handtere slike angrep, seier Hillestad til NTB.

Han opplyser at ingen persondata er på avvegar, og at selskapet har tryggingskopiar av all data hackarane har kryptert.

Publisert: 23.06.2021 19:55

Sist oppdatert: 24.06.2021 09:08