Kort fortalt

Kystvakta slår mannskaps-alarm

Slit med bemanne nye Vard-skip.

23.11.2022

(NPK-NTB): Nyleg vart det første av tre kystvaktskip i Jan Mayen-klassen døypt ved verftet Vard Langsten i Tomrefjorden. Seinare kjem det 12 skip til. Kystvaktsjef Oliver Berdal seier situasjonen er prekær viss ein ønskjer å segle alle 15 fartøy.

– Vi har ikkje tilstrekkeleg årsverk no til å segle den framtidige strukturen vi har fullt ut. Akkurat no har vi mannskap til å segle det vi har. Men om 16 månader har vi innfasa alle tre skip i Jan Mayen-klassen. Då vil vi mangle tilsvarande éi besetning, seier han til Forsvarets forum.

Berdal seier vidare at dette ikkje berre handlar om Kystvakta, men om årsverk totalt i Forsvaret, og at dette er noko dei har teke opp i lengre tid i ulike kanalar. Forsvarsminister Bjørn Arild Gram står på at bemanninga er god.

– Gjennomgåande er Kystvakta godt sett opp med personell. Det er god tilgjengelegheit og stabilitet i bemanninga. Ein turnus gjer at dette kan driftast på ein god måte, og der er Kystvakta godt stilt, seier han.

(©NPK)

Publisert: 23.11.2022 19:11

Sist oppdatert: 23.11.2022 19:13

Mer om