Kort fortalt

Lette for arbeidsreiser

Kan reise frå EØS til Noreg frå slutten av juli

05.07.2021

Alle arbeidsreisande som er omfatta av EØS-regelverket, får saman med arbeidsreisande EØS-borgarar frå grøne tredjeland reise inn i Noreg etter nye lettar.

I tillegg blir restriksjonane letta på for familiar, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Fram til no har det vore krav om at slektningar i nedstigande linje måtte vere under 21 år, slik at vaksne barn ikkje fekk besøkje foreldre. I tillegg får no ektefellar og barn av arbeidsreisande EØS-borgarar tilgang til landet.

Nøyaktig dato for desse lettane er førebels ikkje sett.

Publisert: 05.07.2021 13:12

Sist oppdatert: 05.07.2021 13:13