Drygt halvparten av utanlandske arbeidarar som har fått innreiseløyve i år, arbeider ved bedrifter i Vestland, Møre og Romsdal og Rogaland.
– Eg er bekymra på vegner av næringslivet, som har gått altfor lenge utan all den arbeidskrafta dei treng for å halde oppe normal drift, seier næringsminister Iselin Nybø (V) til NTB. Ho meiner dette vil nyansere inntrykket rundt smitte og utanlandske arbeidarar.
Nybø viser til detaljar som viser at 5.620 av 9.604 innreiseløyve har vore til arbeidsplassar i distrikta og langs kysten. Det har mellom anna vore livsviktig for å halde norske verft i gang.
Fram til. 10. mai er det samtidig gitt innreise til 909 utanlandske arbeidarar der fylke ikkje er opplyst. Det er gitt innreise til 255 i Oslo og 743 i Viken. Trøndelag 593, Vestfold og Telemark 331, Innland 326, Nordland 318, Troms og Finnmark 280 og Agder 229.
Publisert: 25.05.2021 16:56
Sist oppdatert: 25.05.2021 16:57





