Kort fortalt

Mykje giftstoff i verdsarvfjord

Nærøyfjorden har dårleg med oksygen og mykje TBT.

06.01.2022

Ferske målingar viser at verdsarvområdet Nærøyfjorden i Sogn har dårlege oksygentilhøve og svært høg ureining av det no ulovlege giftstoffet TBT.

Det er ei gruppe studentar med base i Sogndal som har gjort desse funna. Dei vurderer miljøtilstanden til fjorden å vere frå moderat til dårleg, trass i at miljøkrav forpliktar å ha ein god til svært god miljøtilstand i norske fjordar, melder Sogn Avis.

Giftstoffet TBT vart tidlegare brukt til botnmåling av båtar for å hindre algevekst, men stoffet er no totaltforbode over heile verda.

– TBT har vore bannlyst over heile verdan sidan 2008. Det skal ikkje eksistere, seier førsteammansuensis Matthias Patzel, som er koordinator for studentane. Trass i at det er forbod mot TBT no, kan ein del eldre båtar ha måling med giftstoffet. Det er ikkje eit krav at den gamle målinga skal fjernast.

TBT er ei forkorting for Tributyltinn, ei miljøgift med hormonforstyrrande eigenskapar. Det er dokumentert at giftstoffet kan føre til sterilitet, dvergvekst og redusert formeiringsevne hos maritime livsformer, slik som sneglar og muslingar.

Studentane har gjort målingar også andre stader i Sognefjorden, men TBT-forekomstane der var ikkje i nærleiken av dei høge verdiane dei har funne i Nærøyfjorden. Der viste målingane 86 mikrogran pr. kilo, og det er langt over grensa for verste kategori.

– Alt over 35 må takast hand om straks. Dette er heilt klart verdiar ein ikkje vil ha, seier Matthias Paetzel.

Publisert: 06.01.2022 14:25

Sist oppdatert: 06.01.2022 14:34

Mer om