Kort fortalt

Nettsvindel i søknadsportalar

No åtvarar politiet mot svindelen.

23.06.2021

Politiet ser ein auke i nettsvindelen som skjer i offentlege søknadsportalar, slik som Digpost, Webcruiter og Finn.no.

– Datakriminelle er kreative, og i sakene vi no ser, gir dei seg ut for å vere arbeidsgivarar som leitar etter jobbsøkjarar, opplyser Møre og Romsdal politidistrikt.

Politidistriktet åtvarar spesielt dei som jobbar med HR og rekruttering, men også jobbsøkjarar.

Framgangsmåten går i korte trekk på at kriminelle skaffar seg tilgang som arbeidsgivar i portalane. Der hentar dei ut informasjon om jobbsøkjarar, inviterer dei på jobbintervju og ber dei stadfeste tidspunkt ved BankID.

Når BankID-en blir brukt, hentar dei kriminelle ut opplysningane og tappar bankkontoen til offeret.

Dersom ein blir utsett for noko slikt, må politiet og banken blir kontakta umiddelbart.

Publisert: 23.06.2021 13:00

Sist oppdatert: 23.06.2021 13:01