Kort fortalt

Nye brot avdekka hos Vard

Underleverandør har betalt for lite – igjen.

20.12.2022

Verftsleverandøren Electromecánica Del Noroeste har betalt arbeidarane sine for lite i løn, kort tid etter at dei fekk ei større bot for tilsvarande forhold.

Det fortel NRK Møre og Romsdal i ein artikkel som følgjer opp forholda etter ein aksjon med fleire verftstilsyn dei siste åra.

Stikkprøver teke av Arbeidstilsynet i sommar, viser at det spanske selskapet igjen har betalt for lite til sine tilsette under arbeid ved Vard Søviknes-verftet.

Seksjonssjef Jens Erik Romslo i Arbeidstilsynet meiner det er grunn til å stille spørsmål ved om verfta følgjer opp sine pliktar dersom nokon ikkje får minstelønn.

– Men vi har vore i dialog med Vard og dei har gjennomført ei rekke endringar på systemnivå, og held på å gjere enda fleire, seier han til kanalen.

Publisert: 20.12.2022 22:49

Sist oppdatert: 20.12.2022 22:51

Mer om