Kort fortalt

Oslofolk vil kutte oljeleiting

Men fleirtal for å halde fram i resten av landet.

23.08.2021

Eit fleirtal i Noreg vil framleis leite etter olje, men i Oslo er det fleirtal for å avslutte oljeleitinga.

Det viser ei meiningsmåling Norstat har gjort for Aftenposten. 1.000 personar over heile landet er stilt spørsmålet: «Bør Noreg halde fram med å leite etter olje?».

54 prosent svarer at vi bør halde fram oljeleitinga, medan 36 prosent seier nei.

Men i Oslo seier 56 prosent nei til å leite etter meir olje, medan 38 prosent vil halde fram leitinga.

– Det er ikkje uvanleg at folk er meir miljøengasjerte i byane. Det har vi òg sett på andre område, seier MDGs toppkandidat i Oslo, Lan Marie Berg.

I alt er 64 prosent av dei spurde på mindre tettbygde stader positiv til framleis leiting. I byar med meir enn 50.000 innbyggjarar er berre 48 prosent positive til meir leiting.

Frp er partiet med dei mest leitevillige veljarane, der 87 prosent seier ja. Frp-leiar Sylvi Listhaug seier det er veldig bra at landet totalt sett er positiv til framleis å leite etter olje.

– Dei forstår samanhengen mellom velferd og arbeidsplassar. Det trur eg er litt av problemet i Oslo. Det er veldig mange der som ikkje forstår godt nok kva dette betyr for landet, seier Listhaug.

(©NPK)

kari.hamre@npk.noBilete: rqmhgk6EWtg– Det er ikkje uvanleg at folk er meir miljøengasjerte i byane. Det har vi også sett på andre område, seier MDGs toppkandidat i Oslo, Lan Marie Berg Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

– Det er ikkje uvanleg at folk er meir miljøengasjerte i byane. Det har vi også sett på andre område, seier MDGs toppkandidat i Oslo, Lan Marie Berg Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK


Publisert: 23.08.2021 12:36

Sist oppdatert: 23.08.2021 12:37